Heimevernsungdommen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Heimevernsungdommen (HVU) er ein organisasjon under Heimevernet. Dette er ein friviljug organisasjon for ungdom mellom 16 og 21 år. Han har som føremål å gje ungdom kunnskap om og å motivere dei til å gå inn i Forsvaret. I tillegg skal organisasjonen gje ungdom eit fritidstilbod som tek dei ut i friluft og gjev dei eigenskapar som er til fordel for dei sjølve og for samfunnet.

Ungdom som er medlemer får opplæring etter eit særskilt opplæringsprogram som er godkjent av Generalinspektøren for Heimevernet. Ungdomane får inga stridsretta opplæring, dei er ikkje rekna som stridande, har ingen plikter i samband med forsvaret av Noreg og vert ikkje mobiliserte. Når ein heimevernsungdom byrjar i fyrstegongstenesta eller på befalsskule må dei slutte som HVU.

Aktiviteten har hovudvekt på idretts- og friluftsaktivitet. Ungdomen får opplæring i mellom anna sanitet, samband, bivuakk, slutta orden, organiseringa av Forsvaret og anna ikkjestridande heimevernsopplæring. Ungdomane får opplæring i våpentryggleik og skyting, og våpenet dei nyttar er AG3HVU. Dette geværet er identisk med standardgeværet som vert nytta av resten av Forsvaret, (AG3), men er modifisert for å umogleggjere heilautomatisk eld. Ungdomen oppbevarer ikkje våpen heime.

Heimevernsungdomen vert leidd av befal som er utdanna i Forsvaret og som har gått gjennom eit eige ungdomsleiarkurs.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]