Heinrich Carl von Schimmelmann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Heinrich Carl von Schimmelmann
Heinrich Carl Schimmelmann 1773.jpg
Heinrich Carl von Schimmelmann, ca. 1773
Fødd13. juli 1724
Demmin
Død16. februar 1782
København
NasjonalitetDanmark
Yrkesamfunnsøkonom, forleggjar, bankier, diplomat, politikar
EktefelleCaroline von Schimmelmann
BarnErnst Heinrich von Schimmelmann, Julie Reventlow, Caroline Adelheid von Baudissin

Heinrich Carl von Schimmelmann (13. juli 172416. februar 1782) var ein tysk kjøpmann, greve og statsmann. Han var far til den danske statsmannen Ernst Heinrich von Schimmelmann. Han var òg utgjevar av Wandsbecker Bothe.

Heinrich Carl von Schimmelmann var fødd som kjøpmannson i Demmin i Pommern. Som kjøpmann i Dresden og kursachsisk accise-forpaktar bygde han opp ein betydeleg formue. Dermed kunne han opne eit handelshus i Hamburg og vart eigar av fleire gods i Holstein. I 1761 gjekk han som kommerseintendant i dansk teneste og vart 1762 opphøgd til friherre og 1779 til greve. 1762 bygde han Wandsbecker Schloss. Den viktige rolla han hadde for dansk økonomi var grunnlaget for at sonen seinare vart utnemnd til dansk finansminister.

Ikkje alle initiativa hans var uomstridde, korkje innføringa av tallotteri i København, Altona og Wandsbeck eller aukinga av papirpengar på København-børsen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Christian Degn: Die Schimmelmanns im atlantischen Dreieckshandel. Gewinn und Gewissen, Neumünster 2000, ISBN 3-529-06148-4