Heinrich Hertz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Heinrich Rudolf Hertz)
Hopp til navigering Hopp til søk
Heinrich Hertz
HEINRICH HERTZ.JPG
Fødd22. februar 1857
Hamburg
Død1. januar 1894
Bonn
NasjonalitetTyskland
Områdefysikk, elektroteknikk
Yrkefysikar, filosof, oppfinnar, ingeniør, universitetslærar
InstitusjonarUniversitetet i Bonn
Christian-Albrechts-Universität zu Kiel
Det tekniske universitetet i Karlsruhe
Alma materLudwig-Maximilians-Universität München
Humboldt-Universität zu Berlin
Technische Universität München
Technische Universität Dresden
DoktorgradsrettleiarHermann von Helmholtz
BarnMathilde Carmen Hertz
MedlemMaxwellians
Accademia Nazionale dei Lincei
Det prøyssiske vitskapsakademiet
Accademia delle Scienze di Torino

Heinrich Rudolf Hertz (22. februar 18571. januar 1894) var ein tysk fysikar. SI-eininga Hertz for frekvens har fått namn etter han. I 1888 var han den første som beviste eksistensen av elektromagnetisk stråling ved å byggje eit apparat som kunne sende ut radiobølgjer.

Hertz var født i Hamburg i Tyskland, i ein jødisk familie som konverterte til kristendomen. Faren hans var advokat i Hamburg, og mora hans var dotter av ei lege. På skulen viste han interesse for både naturvitskap og språk, og lærde blant anna arabisk og sanskrit. Han studerte seinare naturvitskap i Dresden, München og Berlin. Han var student hos Gustav R. Kirchhoff og Hermann von Helmholtz. Han tok doktorgraden i 1880 og var hos Helmholtz inntil han i 1883 fekk ei undervisningsstilling i teoretisk fysikk ved Universitetet i Kiel. I 1885 vart han professor ved Universitetet i Karlsruhe der han oppdaga elektromagnetiske bølgjer.

Han døydde i Bonn, 36 år gammal, av blodforgifting. Nevøen hans Gustav Ludwig Hertz fekk Nobelprisen i fysikk i 1926, og barnebarnet Carl Hellmuth Hertz oppdaga medisinsk ultrasonografi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]