Heinrich Wilhelm Olbers

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Heinrich Wilhelm Matthias Olbers
Heinrich Wilhelm Matthias Olbers.jpg
Heinrich Wilhelm Matthias Olbers
Fødd 11. oktober 1758(1758-10-11)
Arbergen i Det tysk-romerske riket
Død 2. mars 1840 (81 år)
Fristaden Bremen
Nasjonalitet Tyskland
Område Medisin
Astronomi
Yrke fysikar, astronom, lege
Kjend for Olbers-paradokset
Pallas
Vesta
Medlem Academy of Useful Science
Royal Society
Kungliga Vetenskapsakademien
Det bayerske vitskapsakademiet
American Academy of Arts and Sciences
Det franske vitskapsakademiet
Det prøyssiske vitskapsakademiet
Koninklijke Nederlandse Akademie van Wetenschappen

Heinrich Wilhelm Matthias Olbers (11. oktober 17582. mars 1840) var ein tysk lege og astronom. Han vart fødd og døydde i Arbergen i Bremen.

Olbers dreiv legepraksis i Bremen frå 1782, men brukte mesteparten av tida si til astronomi. Han bygde eitt av dei best utrusta observatoria på si tid, og utarbeidde ein ny metode for baneutrekning av himmellekamar. Han oppdaga seks kometar og to asteroidar. Den første såg han 28. mars 1802, og gav han namnet Pallas. Den andre oppdaga han den 29. mars 1807, og gav Carl Friedrich Gauss æra av å namngje denne - Vesta.

6. mars 1815 oppdaga Olbers så ein periodisk komet som har fått namn etter han. Det formelle namnet til denne er 13P/Olbers.

Oppkallingar[endre | endre wikiteksten]