Heis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Heis frå perrongen ned til undergang og utgang på ein jarnbanestasjon
Paternosterheis hjå universitetet i Wien

Heis eller elevator er ein kabin som er lagd for å transportere folk eller gods vertikalt frå eit nivå til eit anna i eit hus, eit tårn, eller mellom ulike nivå i ein by, ein park etc.

Prinsippet går ut på at kabinen, òg kalla heisstolen, vert løfta eller senka av eit ståltau som går over eit motordrive hjul i toppen av ein sjakt som heisen går opp og ned i langsetter stålskjener eller -føringar. I den andre enden av ståltauet som heisen heng i, er det festa ei motvekt som går opp og ned langsetter eine veggen i sjakta, og som gjer at det trengs mindre energi til å drive heisen. Ved hjelp av elektriske eller elektroniske signal vert motoren styrt frå både heiskabinen og frå ein plass attmed døra der heisen skal stogge, slik at heisen stoggar på det nivået ein ynskjer at heisen skal kome til, og som ein deretter vil at heisen skal gå til.

Men det finnast òg heisar som vert styrte av ein heisførar på fast plass inne i heiskabinen, særleg når det gjeld gamle personheisar for eit stort tal passasjerar, og det finnast dessutan såkalla paternosterheiser, der ein rad med heiskabinar går i sakte fart i ein endelaus rundgang frå botn til topp, og som ein kan gå rett inn i og ut av på det nivået eller etasjen ein ynskjer, utan at kabinen stoggar.

Heisar kan òg gå på skrå på skjener som ein slags kabelbane (som til dømes i vestenden av perrongane på den underjordiske Nationaltheatret jarnbanestasjon i Oslo). I staden for ståltau som kabinen vert heist opp og ned med, kan det vere nytta hydraulikk til å presse kabinen opp og senke han ned, især når heisen ikkje skal nå opp i særleg stor høgd.

Sams for alle heisar er at dei skal vere utstyrte med tryggingsmekanismar som hindrar at dei går snøggare enn dei skal, og som syter for at dei ikkje kan falle ned om vitale delar brotnar.

Som oftast er det sett offentlege autorisasjonskrav til dei som driv med bygging, montering, bruk og vedlikehald av heisar, og det offentlege har etablert ymse kontrollorndningar. I Noreg er det reglar om dette i Plan- og bygningsloven med føresegner.