Hejira av Joni Mitchell
Hejira Studioalbum av Joni Mitchell | ||
Utgjeve | November 1976 | |
Innspelt | 1976 A&M Studios, Hollywood | |
Sjanger | Folkjazz | |
Lengd | 52:18 | |
Selskap | Asylum | |
Produsent | Joni Mitchell | |
Kritikk | ||
---|---|---|
|
||
Joni Mitchell-kronologi | ||
The Hissing of Summer Lawns (1975) |
Hejira | Don Juan's Reckless Daughter (1977)
|
Hejira er eit folkrock/jazzalbum av den kanadiske visesongaren Joni Mitchell. Albumet er ei omskriving av det arabiske ordet hijra, som tyder «reise». Songane på albumet vart stort sett skriven under ei bilreise frå Maine til Los Angeles, med bilete som motorvegar, småbyar og snø. Biletet på framsida og baksida av plateomslaget vart teken av Mitchell av Norman Seeff og syner eit landskap ved Lake Mendota, i Madison i Wisconsin etter kraftig ising.[1] Mitchell sa om albumet: «heile Hejira var verkeleg inspirerande... eg skreiv albumet medan eg reiste på tvers av landet og det er denne rastlause kjensla gjennom det...Den søte einsemda av å reise aleine.»[2] Albumet er dominert av gitaren til Mitchell og den særeigne bandlause bassen til Jaco Pastorius. Albumet hadde mange inspirasjonskjelder, men er meir samanhengande og tilgjengeleg enn nokre av dei seinare jazzalbuma hennar. «Coyote», «Amelia» og «Hejira» vart alle faste konsertsongar kort tid etter at Hejira kom ut.
Utgjeving[endre | endre wikiteksten]
Kommersielt gjorde ikkje albumet det like bra som føregjengarane, sjølv om det nådde 13. plass på Billboardlista i USA go selde til gullplate. Det vart lite spelt på kommersiell radio og selde sidan lite. Kritisk vart albumet generelt godt motteke, og har sidan vorte rekna som eit av høgdepunkta i karrieren til Mitchell. I 2000 stemnde kritikarar av det tyske magasinet Spex albumet til 55. plass over dei største albuma på 1900-talet. Plateomslaget vart av Rolling Stone kåra til det 11. beste gjennom tidene i 1991.[3]
Innhald[endre | endre wikiteksten]
Alle songar er skrivne av Joni Mitchell.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Coyote» | 05:01 |
2. | «Amelia» | 06:01 |
3. | «Furry Sings the Blues» | 05:07 |
4. | «A Strange Boy» | 04:15 |
5. | «Hejira» | 06:42 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
6. | «Song for Sharon» | 08:40 |
7. | «Black Crow» | 04:22 |
8. | «Blue Motel Room» | 05:04 |
9. | «Refuge of the Roads» | 06:42 |
Medverkande[endre | endre wikiteksten]
- Joni Mitchell: vokal, akustiske og elektriske gitarar
- Larry Carlton: akustiske og elektriske gitars
- Abe Most: klarinett på «Hejira»
- Neil Young: munnspel på «Furry Sings the Blues»
- Chuck Findley: horn på «Refuge of the Roads»
- Tom Scott: horn på «Refuge of the Roads»
- Victor Feldman: vibrafon på «Amelia»
- Jaco Pastorius: bass på «Refuge of the Roads», «Black Crow», «Hejira» og «Coyote»
- Max Bennett: bass på «Song for Sharon», «Furry Sings the Blues»
- Chuck Domanico: bass på «Blue Motel Room»
- John Guerin: trommer
- Bobbye Hall: perkusjon
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Hejira (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 20. januar 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
134: The Score Fugees |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2020 over dei 500 beste albuma gjennom tidene 133 Hejira |
132: 40 Greatest Hits Hank Williams |