Hekataios av Milet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hekataios av Milet
Statsborgarskap Milet
Fødd ca. 550 f.Kr.
Milet
Død

ca. 476 f.Kr.
Milet

Yrke geograf, historikar, skribent, mytograf
Språk gamalgresk
Hekataios av Milet på Commons

Hekataios av Miletos (fødd ca 550 f.Kr., død ca. 476 f.Kr.), namngjeve etter den greske gudinna Hekate, var ein tidleg gresk historikar frå ein rik familie.[1] Verketida hans var samstundes med persarkrigane. Etter å ha reist omfattande busette han seg i heimbyen Miletos (Milet), der han fekk ein høgtståande posisjon og byrja skriva geografiske og historiske verk.

Aristagoras, leiaren av Miletos, heldt råd i byen med dei leiande jonarane for å organisera eit opprør mot persisk styre, freista Hekataios forgjeves å rå landsmennene sine frå dette.[2] I 494 f.Kr., då dei overvunne jonarane blei nøydde til forhandla om vilkår, var Hekataios ein av sendemennene til den persiske satrapen Artafernes, som han klarte å overtala til gjeninnføra forfatninga for dei joniske byane.[3] Hekataios blir òg kalla for logograf, det vil seia at han er den første kjende greske historikaren, ein forgjengar for Herodot.[4] Han var ein av dei første klassiske forfattarane som nemnde folket keltoi, keltarar. Han dannar overgangen til den eigentlege historieskrivinga ved at han freista å skilja mellom legender og røyndom.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Rekonstruksjon av Hekataios sitt kart.

Ges periodos ('Reiser rundt korda', eller 'Undersøking av verda') er eit verk på to bøker som er blitt tilskrive Hekataios. Kvar bok er organisert i periplus, eit latinsk omgrep frå greske περίπλους periplous, bokstaveleg 'ei rundsegling', ei undersøking av kysten punkt for punkt. Bok ei, om Europa, er i hovudsakleg ein periplus av Middelhavet, skildringar av kvar region etter kvarandre, og strekkjer seg så langt nord som til Skytia. Den andre boka er om Asia og arrangert på liknande vis til Periplus Maris Erythraei (om Raudehavet, inkludert Indiahavet og Persiagulfen), der ein tekstversjon frå 100-talet e.Kr. har overlevd.

Hekataios skildra landa og innbyggjarane i den kjende verda. Omtalen av Egypt er særleg omfattande. Skildringane var følgde av eit kart, basert på Anaksimander sitt kart av jorda som han korrigerte og forstørra. Verket har berre overlevd i rundt 374 tekstfragment, og fleirtalet av desse er sitat frå det geografiske leksikonet Ethnika som blei sett saman av Stephanos frå Bysants.

Det andre kjende verket av Hekataios var Genealogiai, ei rasjonell, systematisert forklaring av grekarane sine tradisjonar og mytar, og var eit brot med den episke mytetradisjonen. Dette verket finst att i berre nokre få tekstfragment, akkurat nok til vise kva som har gått tapt.

Skeptisisme[endre | endre wikiteksten]

Hekataios sine tekstar, særleg Genealogiai, viser ein markant skepsis til munnleg historieforteljing, og opnar med programmet hans: «Hekataios av Miletos snakkar såleis: «Eg skriv kva eg trur er sant, for dei historiene som grekarane fortel er talrike og, etter mi meining, latterlege.»[5]

Herodot (II, 143) fortel om eit besøk som Hekataios gjorde til eit egyptisk tempel ved Teben. Prestane viste Hekataios ei rekkje statuar i den indre helligdommen i tempelet, som kvar skulle ha vore sett opp av øvstepresten for kvar generasjon. Hekataios nemnde at han kunne spora si eiga avstamming gjennom seksten generasjonar til ein gud. Egyptarane samanlikna avstamminga hans med si eiga slik ho var dokumentert gjennom statuane. Sidan generasjonane til øvsteprestane talde trehundre og førtifem, nekta dei å tru Hekataios kunne stamma frå ein gud gjennom seksten generasjonar slik han sa. Historikaren James Shotwell har hevda at dette møtet med egyptisk oldtid hadde ein avgjerande innverknad på Hekataios sin skeptisisme: han innsåg at den munnlege historia ikkje var til å stola på.[6][7]

Han var turleg den første logografen som freista å skiva seriøs historie på prosa og nytta ein kritisk metode for å skilja mytar frå historisk fakta, sjølv omhan aksepterte Homer og andre poetar som pålitelege autoritetar. Herodot, som minst ein gong motseier utsegnenen hans, står i gjeld til Hekataios for konseptet med prosahistorie.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lendering, Jona: «Hecataeus of Miletus», Livius
  2. Herodotos: 5.36, 125
  3. Diodorus Siculus. 10.25
  4. Lamberg-Karlovsky, C. C. & Sabloff, Jeremy A. (1979):. Ancient Civilizations: The Near East and Mesoamerica. Benjamin/Cummings Publishing. ss. 5.
  5. The Beginnings of Greek History Arkivert 2012-05-31 ved Wayback Machine., se også Shotwell, James T. (1939): The History of History; NY, Columbia University Press, s. 172
  6. Shotwell, James T. (1939): The History of History; NY, Columbia University Press, s. 172-173
  7. Bagnell, John (1958): The Ancient Greek Historians; Bury, NY, Dover Publications, ss. 14, 48