Hekk på fartøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hekken er attarste delen av eit fartøy. Oftast er det den overhengande delen av skroget som vert kalla hekk. Ein hekk kan ha ulike utformingar. Etter det får fartøy ulik utsjånad og sjøeigenskapar.

Ulike hekktypar kan vere: Spissgatt, plattgatt, skøytehekk, kutterhekk, kryssarhekk og panserhekk.

Nemninga hekk kan og fortelje om funksjonar ombord i fartøyet, som er knytte til hekken; hekkaggregat, hekkport og hekktrålar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]