Heks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Magic Circle (1886) av John William Waterhouse viser ei vakker heks i ferd med å laga eit trollbrygg.

Heks eller trollkjerring viser til ei kvinne som driv med trolldom. Den mannlege motparten er ein trollmann. Hekser er kjend frå folketrua i mange ulike kulturar, frå ei rekke hekseprosessar i den vestlege verda mot slutten av mellomalderen, og frå nyare populærkultur. Hekseri er blitt framheva som ei positiv kraft i den moderne wiccareligionen.

Hekser er framstilte som hjelparar som ved hjelp av urtebrygg, talismanar og sterke formlar kan lega, skada eller endra folk sine kjensler, det siste særleg i samband med kjærleiksmagi. Dei er også blitt sett på som ledsagarar til Djevelen og skulda for uår, sjukdom og uventa død for folk og fe.

Kvinner i alle aldrar kan kallast hekser, men ei utbreidd førestilling er at ei heks er ei gammal kjerring med groteske trekk som lang nase eller store vorter. Baba Jaga og Black Annis er namngjevne døme på slike trollkjerringar.

Hekser i kulturen[endre | endre wikiteksten]

Heksetru har inspirert både folkedikting og nyare nedskriven litteratur. Ein finn trollkjerringer i ei rekke folkeeventyr, som i eventyra om Smørbukk, Hans og Grete og Baba Jaga.

Nyare forfattarar, særleg barnebokforfattarar, har tolka hekseomgrepet på ulike måtar. Medan Heksene til Roald Dahl er skremmande kvinner som hater ungar, er heksene i Harry Potter-bøkene til J.K. Rowling vanlege kvinner med trolldomskrefter. På norsk har Ingunn Aamodt skrive om Pulverheksa.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]