Heksadesimalt siffer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eit heksadesimalt siffer er eit siffer i sekstentalsystemet, normalt eitt av dei 16 sifra 0, 1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8, 9, a, b, c, d, e, f. Ofte bruker ein dei store bokstavane A, B, C, D, E og F framfor dei tilsvarande små bokstavane. Eit heksadesimaltal er sett saman av heksadesimale siffer.