Heksekost

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Heksekost på ei bjørk i Corsehillmuir i Skottland
Heksekostar på ei gammal bjørk i Uleåborg i Finland.
Heksekost på ei furu i Gran kommune i Oppland.

Heksekost, huldrelime, marakvist eller trollkost er fellesnamn for utvekstar på buskar eller tre som av grunn av ulike grunnar har unormalt tett vekst av knoppar eller kvistar. Utvekstane kan minna om reir eller sopelimar. Den noko unaturlege utsjånaden kan ha gjeve namna som knyter vekstane til trolldom.

Ein finn ofte heksekostar på bjørk, som kan ha fleire duskar over store delar av krona.

Årsaker[endre | endre wikiteksten]

Heksekostar kan skapast ved ein ubalanse i plantehormon, der cytokinin, som påverkar til meir celledeling, hindrar auxin i å regulera veksten. Ein har funne heksekostar forårsaka av bakteriar, fytoplasma, insekt, midd, parasittplantar som misteltein, rundorm, sopp og virus.

Feil utført poding kan gjera tre meir mottakelege for framandelement som kan føra til heksekost. Inngrep som styving kan også gje liknande resultat i friske tre.

Plantetype Årsak til heksekost
Bjørk Soppen Taphrina betulina[1]
Eple Fytoplasmaen Apple proliferation phytoplasma[2]
Sølvgran Rustsoppen Melamsporella caryophyllacearum[1]
Corynebacterium fascians[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]