Hele Rogaland leser

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hele Rogaland leser er eit litteraturformidlingsprosjekt starta av Stavanger bibliotek, drive frå 2010 av Rogaland fylkesbibliotek. Prosjektet starta som eit prosjekt til Stavangers kulturhovudstadsår Stavanger2008, og er blitt vidareført dei neste åra. I 2008 og 2009 heitte prosjektet Hele byen leser, men då det vart fylkesdekkande vart namnet endra til Hele Rogaland leser.

Prosjektet er eit samarbeid mellom Sølvberget, Stavanger kulturhus, Rogaland fylkeskommune, LO Rogaland og Næringsforeninga i Stavangerregionen.

Kvart år blir det vald ut ei bok som blir trykt opp i mange eksemplar (40 000 per 2013) og delt ut gratis frå biblioteka i fylket. I 2013 vart det for første gong ein antologi, med nye og gamle namn som Arne Garborg, Nils Henrik Smith, Lene Ask, Bjørn Arild Ersland, Alexander Kielland, Atlars m.fl.