Helen Bøsterud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Helen Bøsterud
none
Fødd 15. februar 1940

Oslo

Helen Marie Bøsterud (fødd 15. februar 1940 i Oslo) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Ho var innvald på Stortinget frå Akershus frå 1977 til 1993, og var justisminister frå 1986 til 1989 i Gro Harlem Brundtland si andre regjering.

Ho er utdanna spesialpedagog ved Oslo lærerhøgskole (1961) og Statens spesiallærerhøgskole (1972).

Før ho blei heiltidspolitikar arbeidde Bøsterud som lærar i Vestby kommune. I perioden 1975-79 var ho medlem av Akershus fylkesting. Ho var varamann til Nordisk råd i perioden 1979-81. Vidare var ho medlem av representantskapen i Vestby Ap i 1972-82.

Etter at ho gjekk ut av Stortinget var ho direktør for Direktoratet for sivilt beredskap frå 1993 til 2003.

Regjering[endre | endre wikiteksten]

Stortingets presidentskap[endre | endre wikiteksten]

  • 11. oktober 1977 – 21. april 1980 Varasekretær i Stortinget

Stortingskomitéar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Odvar Nordlis regjering. Regjeringa.no. Vitja 2017-10-12.
  2. Gro Harlem Brundtlands andre regjering. Regjeringa.no. Vitja 2017-10-12.