Helena Fibingerová

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Helena Fibingerová
Helena Fibingerová Vyškov 2012 (cropped).jpg
Fødd 13. juli 1949
Víceměřice
Yrke friidrettsutøvar
Helena Fibingerová på Commons

Helena Fibingerová (fødd 13. juli 1949) er ein tsjekkisk tidlegare friidrettsutøvar som vart verdsmeister i kulestøyt i 1983 og elles sikra seg tre EM-medaljar og ein OL-bronse i øvinga i tida 1974-82. Ho representerte Tsjekkoslovakia.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Fibingerová forbetra seg kolossalt i OL-sesongen 1972 og tok steget opp i verdseliten med eit støyt på 19,18 m, og ho vart nummer sju i kuletevlinga under sommarleikane i München. Både i 1973 og -74 vann ho kuletevlinga i innandørs-EM. Etter ho tok bronsemedaljen i EM 1974 i Roma, reiste ho heim til Tsjekkia og sette verdsrekord med 21,57 m i Gottwaldov den 21. september.

Også frå Sommar-OL 1976 reiste Fibingerová heim med ein bronsemedalje. Åtte veker etter OL-finalen forbetra ho verdsrekorden i kulestøyt til 21,99 m, ti centimeter lengre enn rekorden Ivanka Khristova presterte tidleg i juli. Vinteren 1977 støytte ho 22,50 m i eit innandørsstemne, tidenes lengste støyt innomhus. Både i 1977 og -78 vann Fibingerová EM innandørs. Mellom dei to innandørsmeisterskapane forbetra ho sin eigen verdsrekord i kulestøyting til 22,32 meter den 20. august 1977 i Nitra. Verdsrekorden heldt seg til austtyske Ilona Slupianek nådde 22,36 m i mai 1980.

Fibingerová heldt i 1980 fram med å sanke gull i innandørs-EM. Ho tok då sin femte siger, seinare vann ho også i 1983, -84 og -85 og stod såleis att med heile åtte triumfar i innandørs europameisterskap, meisterskap med varierande deltaking.

Både under EM 1978 i Praha og EM 1982 i Aten måtte Fibingerová nøye seg med sølvmedalje, begge klart slått av Ilona Slupianek. Fyrst ved verdsmeisterskapen 1983 i Helsinki lukkast ho vinne ein av dei aller største meisterskapane.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]