Helene Tursten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Helene Tursten

Statsborgarskap Sverige
Fødd 17. februar 1954 (70 år)
Göteborg
Yrke skribent
Sjanger Kriminalroman
Helene Tursten på Commons

Helene Tursten (fødd 17. februar 1954) i Göteborg) er ein svensk kriminalforfattar. Ho bur i Sunne i Värmland. Bøkene hennar om politietterforskaren Irene Huss i Göteborg har vorte omsett til fleire språk, mellom dei tysk, engelsk og norsk.

Helene Tursten var utdanna fyrst sjukepleiar og sidan tannlækjar, men revmatisme gjorde at ho måtte gje opp å arbeida som tannlækjar, og etter kvart byrja ho i staden å skriva. Den fyrste boka hennar kom i 1998 og heitte Den krossade tanghästen.

Bøker[endre | endre wikiteksten]

Kriminalromanar med Irene Huss i hovudrolla[endre | endre wikiteksten]

År Svensk tittel Norsk omsetjing
1998 Den krossade tanghästen Den knuste Tang-hesten (2000)
1999 Nattrond Nattevakt (2001)
2000 Tatuerad torso Tatovert torso (2002)
2002 Glasdjävulen Glassdjevelen (2003)
2004 Guldkalven Gullkalven (2005)
2005 Eldsdansen Ilddansen (2007)
2007 En man med litet ansikte En mann med lite ansikt (2008)
2008 Det lömska nätet Det lumske nettet (2010)
2010 Den som vakar i mörkret Den som lurer i mørket (2011)

Andre bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 2003Kvinnan i hissen och andra mystiska historier, forteljingar.
  • 2004Svarta diamanter (redaktør)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]