Helene Urdland Karlsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Helene Urdland Karlsen
Fødd 16. oktober 1986
Yrke forlagsredaktør, leksikograf

Helene Urdland Karlsen (fødd 16. oktober 1986) er språkvitar og målkvinne frå Voss. Frå 2015 har ho vore forlagsredaktør hos Cappelen Damm der ho jobbar med revidering av Norsk ordbok. Ho vaks opp på Voss og tok mastergrad i norsk språk og litteratur i 2011 på Universitetet i Bergen. Ho har òg studert tysk på Universitetet i Oslo. Etter studiane hennar hadde ho ulike verv og jobbar før ho i 2013 fekk jobb i Språkrådet som redaktør for Nynorskordboka. Etter kort tid har ho teke på seg oppgåva som éin av redaktørane i Norsk Ordbok.

Karlsen har vore aktiv i målrørsla, både i Norsk Målungdom og Noregs Mållag. Under studietida revitaliserte ho i 2009 Studentmållaget i Bergen saman med Ida Haugum.[1] Ho har òg fungert som sentralstyrevara i Norsk Målungdom i ei årrekke.[2][3] I 2014 til 2015 var ho leiar for Oslo mållag.[4][5] I dag sit ho i styret til Noregs Mållag.[6]

I 2014 var ho ein av redaktørane for den faglitterære boka Frå A til Å – veneskrift til Dagfinn Worren på 70-årsdagen 28. desember 2014, saman med Olaf Almenningen, Lars S. Vikør, Åse Wetås og Oddrun Grønvik. Ho var òg redaktør, saman med Lars S. Vikør og Åse Wetås, for festskriftet Livet er æve og evig er ordet. Norsk Ordbok 1930–2016, som kom ut i samband med sluttføringa av Norsk Ordbok.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Ein studie av Arne Garborg som litterær kritikar: Intertekstuell analyse og diskusjon av Henrik Ibsens «Keiser og Galilæer». 2011. Masteroppgåve. Universitetet i Bergen
  • «Mellom standpunkt: Garborgs debut som kritikar». Syn og Segn 1/2013, attgjeven i Mål & Makt 2013, nr. 3/4

Som redaktør[endre | endre wikiteksten]

  • Frå A til Å – veneskrift til Dagfinn Worren på 70-årsdagen 28. desember 2014 2014. Oslo: Novus forlag
  • Livet er æve og evig er ordet. Norsk Ordbok 1930–2016 2016. Oslo: Samlaget
  • Norsk ordbok: bokmål 2018. Oslo: Cappelen Damm

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre wikiteksten]

  1. Omdal, Odin H. (6. februar 2010), ««Nytt styre»», Studentmållaget i Bergen, henta 4. februar 2018 
  2. Motmæle nr 2, 2014
  3. Motmæle nr 2, 2015
  4. Ny leiar i Oslo mållag lenkje
  5. Nøttveit, Andrea Rygg (8. september 2015), ««På parti med nynorsken»», Framtida.no, henta 4. mai 2018 
  6. Styret i Noregs Mållag lenkje