Helene Weber

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Helene Weber

Fødd17. mars 1881
Elberfeld
Død25. juli 1962 (81 år)
Statsborgar avTyskland
PartiChristlich Demokratische Union
Yrkepolitikar
Utdanna vedUniversitetet i Bonn
Alle verv
  • medlem av Forbundsdagen (1949–1953)
  • medlem av Nordrhein-Westfalens landdag
  • medlem av riksdagen under Weimarrepublikken
  • delegat i Prøyssens parlament
  • varamedlem i Europarådets parlamentariske forsamling (1950–1962)
  • medlem av Europarådets parlamentarikerforsamling (1962–1962)
  • medlem av Forbundsdagen (1953–1957)
  • medlem av Forbundsdagen (1957–1961)
  • medlem av Forbundsdagen (1961–1962) Sjå dette på Wikidata

Helene Weber (17. mars 188125. juli 1962) var ein tysk politikar for Zentrum, og seinare CDU. Ho deltok i utforminga av både Weimarforfatninga frå 1919 og den tyske grunnlova av 1949 (Grundgesetz). Weber var blant dei fyrste kvinnelege karrierepolitikarane under Weimarrepublikken og Forbundsrepublikken Tyskland (Vest-Tyskland).

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Weber vart fødd som det andre av seks barn i familien til folkeskulelæraren Wilhelm Weber og Agnes Christiane van Gent.[1]

Etter utdanninga som lærar var Weber aktiv i katolske kvinneforbund og velgjerdsorganisasjonar. Ho arbeidde for kvinnedeltaking i alle samfunnsområde. I 1919 vart ho konsulent og frå 1920 til 1933 fekk ho eige embete (Ministerialrätin) i sosialdepartementet i Preussen. Weber vart dimed den andre kvinna, etter Gertrud Bäumer, som fekk eit høgt embete i den prøyssiske forvaltninga. I 1933 vart ho oppsagd av politiske grunnar.[2]

Weber var medlem av det prøyssiske parlamentet frå 1921 til 1924 og av den tyske riksdagen frå 1924 til 1933. Ho tala mot Hitlers fullmaktslov i 1933, men vart ved den avgjerande avrøystinga pressa til å røyste med fraksjonen. Ho mista plassen sin i riksdagen og arbeidde seinare i ulike religiøse velgjerdsorganisasjonar.[3]

Weber var overtydd om den samfunnsmessige solidariteten. Dette medførte at ho gjekk inn for å oppheve arbeidsforholdet til tyske kvinner i statsforvaltinga etter at dei hadde gifta seg. Ho støtta også sparepolitikken til rikskanslar Brüning, som førte til fattigdom og elende for mange menneske.[3]

Etter andre verdskrigen var Weber medlem av rådet for den britiske okkupasjonssona. I 1948 deltok ho i utforminga av den nye tyske grunnlova, blant anna som medlem av Det parlamentariske rådet. I arbeidet med grunnlova gjekk ho mot ei «skjematisk» likestilling mellom kvinner og menn, og i tillegg ville ho bevare «eigenverdien» (Eigenwert) til kvinner. Samstundes gjekk ho inn for å slå fast retten til lik løn for likt arbeid.[1] Frå 1949 til 1962 var ho medlem av Forbundsdagen.[2]

Weber vart rekna som den mest innverknadsrike kvinna i Unionen (CDU/CSU). Weber var medlem av Vestunionens forsamling og frå 1950 til 1958 medlem av styret i Ligaen for katolske kvinneforbund. Frå 1952 var ho leiar av rådet for den tyske helsetenesta for mødrer (Deutsche Müttergenesungswerk).[4]

Konrad Adenauer i 1961 innsette Elisabeth Schwarzhaupt som den fyrste kvinnelege statsråden, var det etter sterkt påtrykk frå Weber.[3]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Weber vert rekna av Arbeitsgemeinschaft Orte der Demokratiegeschichte å vere blant dei viktigaste personane som i løpet av dei siste 200 åra har bidrege til danninga av demokratiet i Tyskland.[5]

Bildegalleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Haunhorst, Regina/Trösch, Sven (2016). «Helene Weber 1881 - 1962». LeMO-Biografien, Lebendiges Museum Online, Stiftung Haus der Geschichte der Bundesrepublik Deutschland. Henta 8. mars 2023. 
  2. 2,0 2,1 «Landtag NRW: Abgeordnetendetail». www.landtag.nrw.de. Henta 8. mars 2023. 
  3. 3,0 3,1 3,2 «Helene Weber». demokratie-geschichte.de (på engelsk). Henta 8. mars 2023. 
  4. Lange, Prof Dr Erhard H. M. «Helene Weber (CDU)». bpb.de (på tysk). Henta 8. mars 2023. 
  5. «100 Köpfe der Demokratie». demokratie-geschichte.de. Henta 23. juli 2021. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Helene Weber