Helgö

Koordinatar: 59°16′43″N 17°40′50″E / 59.278511°N 17.680435°E / 59.278511; 17.680435
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Helgö
øy
Land  Sverige
Kart
Helgö
59°16′43″N 17°40′50″E / 59.278511°N 17.680435°E / 59.278511; 17.680435
Helgö i Mälaren
Helgö i Mälaren
Helgö i Mälaren
Wikimedia Commons: Helgö, Mälaren

59°16′43″N 17°40′50″E / 59.278511°N 17.680435°E / 59.278511; 17.680435 Helgö (som tyder ‘heilag øy’) er ei øy i innsjøen Mälaren i Sverige. Øya er ei av fleire i øykommunen Ekerö i Stockholms län, og er om lag 1,5 km på det breiaste, om lag 5 km lang, og har eit areal på 48 hektar. Den vesle tettstaden på øya har òg namnet Helgö. Det var 141 innbuarar her i år 2005.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Somme av dei arkeologiske funna frå Helgö: Ein ause, ein buddhafigur og toppen av ein biskopstav, funne i restane etter eit vikingtidshus.

Helgö er mest kjend for dei arkeologiske funna som er gjort her. Etter tretti år med utgravingar på Helgö har det kome for dagen gjenstandar som saknar sitt like nokon annan stad i Sverige. Ein stor utgraving var gjort i 1954, og fekk fram spor og gjenstandar etter ein handels- og verkstadsplass som vart etablert i folkevandringstida og gjorde seg gjeldande fram til om lag 750 e.Kr., då den by-liknande handelsplassen Birka vart etablert på den nærliggande Björkö, og tok over. Området, som vert kalla Helgösamhället (Helgösamfunnet) eller Helgöboplatsen, inneheld spor etter sju husgrupper, fem gravfelt og ei bygdeborg (fornborg) frå 200 til 500 e.Kr.

Den gamle handelsplassen på Helgö tok til å vekse fram om lag år 200, og på 400-talet fanst det gode handverkarar her, slik restane etter gullsmedverkstader og andre verkstader vitnar om. Stordomstida for dette samfunnet har vore folkevandringstida og det som i Sverige kallast vendeltid, perioden 550-800 e.Kr. På 600-talet vart det slutt på handverkarverksemda, mellom anna ei avansert bronsestøyparveksemd.

Det kan tyde på langvegs handelssamband at ein liten Buddhafigur frå Nord-India, ei ause for dåpsritual frå Egypt (båe skal ha vorte lagd på 500-talet), og myntar frå Ravenna, Rom, Bysants og Arabia er blant funna. I restane av eit vikingtidshus vart det òg funne toppen av ein irsk (eller kan hende engelsk) biskopstav, og det har fått somme arkeologar til å tru at folka i huset var kristne. Men buddhafiguren frå 500-talet vart òg funne i det same huset, så det er nok god grunn til å rekne med at folket i huset korkje var kristne eller buddhistar, men nytta bispestaven og buddhafiguren på måtar som harmonerte godt med den heidne trua og kulten dei framleis held seg til. Difor er det mest truleg at bispestaven har kome til Helgö som resultat av plyndringar i Irland eller England.

Bygdeborga (fornborga) ligg i nærleiken av den gamle handelsplassen, på den austre delen av Helgö. Borga er 230 x 215 meter stor og ligg 30–50 meter over havet, på toppen og sidene av eit berg som stupar bratt ned i søraust, sør, vest og nord. Frå nordaust til søraust er berget mindre bratt, og her har det vore 2-4 meter breie og 0,3-0,5 meter høge murar av naturstein, som no er rast saman. I nærleiken finst fleire røyser og gravfeltet.

Ei anna innretning som har vore sett på som ein bygdeborg (fornborg), men som truleg har fungert som inngjerding for husdyr, ligg på den mellomste delen av Helgö, rett nord for Bockholmssundet.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]