Helga Haugland Byfuglien
Utsjånad
| Helga Haugland Byfuglien | |
| Statsborgarskap | Noreg |
| Fødd | 22. juni 1950 (76 år) Bergen |
| Yrke | teolog, luthersk prest, biskop |
| Språk | norsk |
| Tittel | Fast preses i Bispemøtet |
| Periode | 2011-2020 |
| Føregangar | Olav Skjevesland |
| Etterfylgjar | Olav Fykse Tveit |
| Tittel | Biskop i Borg |
| Periode | 2005-2011 |
| Føregangar | Ole Christian Kvarme |
| Etterfylgjar | Atle Sommerfeldt |
| Religion | Den evangelisk-lutherske kyrkja |
| Helga Haugland Byfuglien på Commons | |
Helga Haugland Byfuglien (fødd 22. juni 1950 i Bergen) er ein norsk geistleg som preses i Bispemøtet i Den norske kyrkja frå 2011 til 2020. Ho kom då frå stillinga som biskop i Borg bispedømme.
Byfuglien har tidlegare vore generalsekretær i Norges KFUK-KFUM. Frå 1993 til 1997 var Haugland Byfuglien stiftskapellan i Borg bispedømme. Ho var kyrkelydsprest i Nidaros bispedømme frå 1978 til 1986 og i Ås prestegjeld i Borg frå 1986 til 1993.
Frå 2. mai 2006 til 1. juni 2007 var Byfuglien også medlem av det regjeringsoppnemnde utvalet som skulle vurdere dei kristne formålsparagrafane i skulen og barnehagen, det såkalla Bostad-utvalet.