Helgafell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Helgafell på Heimaey

Helgafell er ein inaktiv vulkan på øya Heimaey ved Island. Helgafell sitt siste utbrot kom for om lag 6000 år sidan. Ved sidan av Helgafell ligg den aktive vulkanen Eldfell, som hadde sitt siste utbrot i 1973.

Helgafjell på Snæfellsnes

Helgafell eller Heilagfjell, er òg namnet på eit mindre fjell på Snæfellsnes. Fjellet eller åsen er 73 meter høg og eit tempel til ære for Tor vart bygd her av dei første busetjarane ved Helgafell, Þórólfur Mostraskegg. Helgafell dukkar òg opp i Soga om Laksdøla som staden der heltinna Guðrún Ósvífrsdóttir sist levde og truleg vart gravlagd.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]