Helge Brendryen
Utsjånad
| Helge Brendryen | |
| Statsborgarskap | Noreg |
| Fødd | 20. april 1974 (51 år) Noreg |
| Idrett | skihopping |
Helge Brendryen (fødd 17. februar 1974) er ein norsk, tidlegare skihoppar. Under Ski-VM 1993 i Falun tok Brendryen gull med det norske laget i lagkonkurransen. Dei andre på laget var Bjørn Myrbakken, Øyvind Berg og Espen Bredesen. Han kom på femteplassen i storbakken. OL-sesongen 1994 hamna han langt nede på resultatlistene. 1995-sesongen vart ikkje mykje betre, men han overraska og vann sølvmedaljen under noregsmeisterskapen i Holmenkollen. Men han var langt bak den suverene vinnaren, Lasse Ottesen.
Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn
[endre | endre wikiteksten]- 1993: VM-gull for lag. Nr 5 i stor bakke under VM i Falun. Nr 8 i Tauplitz (skiflyging)
- 1995: Nr 20 i Vikersund (skiflyging)
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap
[endre | endre wikiteksten]- 1993: Nr 5 både i normalbakken på Lillehammer og i storbakken på Odnes
- 1995: Sølvmedalje i storbakken i Oslo
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Sportsboken, aktuelle årgangar
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (en) Helge Brendryen – Profil og resultatoversikt hos FIS