Helge Fiskaa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Fiskaa (t.v.) med studentar
Foto: Sverre Flack

Helge Fiskaa (fødd 26. august 1942 på Byglandsfjord) er ein norsk sivilarkitekt og planleggar. Han er frå 2012 professor emeritus ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU).

Fiskaa blei uteksaminert ved NTH i 1966. Sidan har han vore tilsett ved Arkitektavdelinga på NTH, seinare Fakultet for arkitektur og biletkunst ved NTNU. I 2002 tok han doktorgrad i emnet fysisk-økonomisk planlegging, og han blei i 2006 utnemnt til professor ved Institutt for byforming og planlegging, der han òg var instituttleiar i fleire periodar fram til 2002. I si tid ved instituttet har han skrive fleire lærebøker i fysisk planlegging og artiklar om planlegging.

Det var Fiskaa som i 2003 tok initiativ til eit nytt to-årig masterstudium i fysisk planlegging. Programmet kom i gang i 2005, og han var programkoordinator fram til 2012.

Fiskaa har vore politisk engasjert, både innan lokalpolitikken og i høve til sitt eige fag. Han var mellom anna leiar av Arkitektenes Fagforbund (AFAG) i åra 1989-1998. Interessa for planlegging og byutvikling har ført til mange innlegg i avisene; til formidling av kunnskap om planlegging gjennom Wikipedia og til deltaking i byplankonkurransar. I 1986 fekk han, saman med kollega Sverre Nistov, 3. premie i ein idekonkurranse om planlegging av ein ny bydel i Steinkjer.

Bibliografi (utval)[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]