Helge Holden
Helge Holden | |
![]() | |
Fødd | 28. september 1956 Oslo |
---|---|
Nasjonalitet | Noreg |
Område | matematikk |
Yrke | matematikar, professor |
Institusjonar | Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet |
Alma mater | Universitetet i Oslo |
Doktorgradsrettleiar | Raphael Høegh-Krohn |
Medlem | Det Norske Videnskaps-Akademi American Mathematical Society Norges Tekniske Vitenskapsakademi Academia Europaea |
Helge Holden (fødd 28. september 1956 i Oslo) er ein norsk matematikkprofessor og har særleg arbeidt med ikkje-lineære partielle differensiallikningar og matematisk fysikk.
Holden vart dr. philos. i 1985 på ei avhandling om kvantemekanikk[1] og vart tilsett på NTH året etter. Han vart utnemnt til professor ved NTNU i 1991. Han har hatt forskningsopphold ved New York University og Caltech. Han har vore leiar for fleire programstyrer i Noregs forskningsråd. Han har vore visepresident i European Mathematical Society og tidlegare president i European Consortium for Mathematics in Industry.
Han i redaksjonsrådet for Journal of Nonlinear Mathematical Physics[2], redaksjonskomitéen til det eldste forskningstidskriftet i Noreg, Det Kongelege Norske Videnskabers Selskabs Skrifter[3], og redaksjonsrådet i International Journal of Differential Equations[4].
Holden er styremedlem i styret i NTNU frå 2009 til 2013 og styreleiar for Abelfondet frå 2010 til 2014[5]. Han er medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Publikasjonar av Helge Holden i BIBSYS
- Publikasjonar av Helge Holden i forskingsdokumentasjonssystemet Cristin
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Helge Holden» frå Wikipedia på bokmål, den 15. november 2011.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ Helge Holden Point interactions and the short-range expansion: a solvable model in quantum mechanics and its approximation dr.philos-avhandling 1985
- ↑ Journal of Nonlinear Mathematical Physics: Editorial board
- ↑ Det Kongelege Norske Videnskabers Selskabs Skriftar
- ↑ sin/ijde/editors/ International Journal of Differential Equations: Editorial board
- ↑ abelprisen.no Abelfondet: Aktivitetsprofil