Helge Løvland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Helge Løvland
Helge Løvland.jpg
Løvland i diskosringen under Sommar-OL 1920
Fødd 11. mai 1890
Froland
Død

26. april 1984
Oslo

Yrke friidrettsutøvar
Helge Løvland på Commons

Helge Andreas Løvland (11. mai 189026. april 1984) var ein norsk friidrettsutøvar og turnar frå Froland i Aust-Agder. Han vann gullmedaljen i tikampen og kom på femteplass i femkamp under Sommar-OL 1920 i Antwerpen. Løvland vann 11 norske meisterskapstitlar og vart tildelt kongepokalen både i 1918 og 1919. Statsminister Jørgen Løvland var farbror hans.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Løvland var son til ein lærar, kyrkjesongar og gardbrukar i Froland. Sjølv flytta til Kristiania for å gå gymnas, og seinare utdanne seg til offiser. I hovudstaden byrja han å drive med idrett og melde seg inn i IF Ørnulf. Frå 1914 sanka han seg NM-medaljar i friidrettsøvingar som 110 meter hekk, lengdehopp og diskoskasting. I 1918 vart han tildelt kongepokalen for sitt hekkeløp. Året etter vann han fire NM-gull, og fekk som den fyrste utøvaren kongepokal to år på rad. Same året, 1919, vart han tildelt Egebergs Ærespris for sine bragder i friidrett og turn.

Løvland vert framom alt hugsa for tikamp-tevlinga under Sommar-OL 1920 i Antwerpen. Halvvegs i tikampen låg han på fjerdeplass, Brutus Hamilton frå USA var i teten. Etter eit strålande hekkeløp og den etterfylgjande diskoskastinga gjekk Løvland opp i leiinga, før Hamilton vann stavhopp og på ny tok teten. Han beheldt leiinga «da Løvland mislyktes i en av sine spesialøvelser – spydkast». I den tiande og avsluttande øvinga 1500 meter måtte Løvland slå Hamilton med ni sekundar. Han sprang 9,4 sekundar fortare enn US-amerikanaren, og var dermed olympisk meister. Tidlegare i sommarleikane vart Løvland femtemann i femkampen.

Løvland var idrettsinspektør frå 1921 til 1930, deretter generalsekretær i Norges Landsforbund for Idrett og Norges olympiske komité fram til 1940. Under andre verdskrigen sat han fengsla frå 1943 i dei tyske fangeleirane Schildberg og Luckenwalde. Han var sidna idrettskonsulent i Hæren, og frå 1948 til 1955 formann i Forsvarets idrettsråd.

Løvland, som i 1916 var med å stifte Froland Idrettslag, vart av Froland kommune og private sponsorar heidra med eit minnesmerke, avduka i Froland 9. juni 2001.

Medaljar i norske meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1914: Gullmedalje på 110 m hekk og bronsemedalje i lengdehopp
  • 1917: Gullmedalje på 110 m hekk og sølvmedalje i diskos
  • 1918: Gullmedaljar på 110 m hekk og i femkamp, sølvmedalje i diskos
  • 1919: Gullmedaljar på 110 m hekk, lengdehopp, femkamp og tikamp, samt sølvmedalje i diskos
  • 1920: Gullmedaljar på 110 m hekk, diskos og tikamp

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Magnus Breili: Sportsguiden. Oslo 1966