Helge Reiss

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Helge Reiss

Fødd27. februar 1928
FødestadOslo
Død11. november 2009 (81 år)
DødsstadOslo
Aktive år1949–2009
Verka somskodespelar, filmskodespelar, fjernsynsskodespelar, stemmeskodespelar, manusforfattar
FarThorleif Reiss
BornGeorg Michael Reiss, Esther Reiss

Helge Reiss (fødd 27. februar 1928 i Oslo, død 11. november 2009)[1] var ein norsk skodespelar. Etter å ha teke examen artium i 1946, byrja han på Nationaltheatrets elevskole, og frå 1949 var han fast tilsett ved Det Nye Teater (frå 1959 Oslo Nye Teater), der han var ein ankermann i ensemblet gjennom femti år, fram til han vart pensjonist i 1998. Der viste han talent innanfor humoristiske, så vel som poetiske roller.[2]

Helge Reiss arbeidde også mykje med radio. Då han var gutunge var han med i programma til faren, og seinare var han opplesar og skodespelar i Radioteatret. Han vart også mykje brukt som opplesar i barneprogram på fjernsyn og som stemme for ulike teiknefilmfigurar. Dei mest kjende fjernsynsrollene hans var elles «Professor Drøvel» i Brødrene Dal og professor Drøvels hemmelighet og den tuslete ektemannen i komiserien Nr. 13.

Reiss hadde også ei rekkje filmroller, mellom anna som politibetjenten i Skulle det dukke opp flere lik, er det bare å ringe … (1970), baronen i Olsenbanden for full musikk (1976) og obersten i Mors Elling (2003). Mellom dei meir seriøse filmrollene hans må seiast å vere professor Hieronimus i Formynderne (1978),[2] som var basert på to bøker av Amalie Skram.

Han var yrkesaktiv heilt fram til våren 2009, då han var den norske stemma til hovudpersonen «Carl Fredricksen» i Disney/Pixar-filmen Up. Mellom dei siste skodespelarrollene til Reiss var bohemen «Gregorius Bang» i Hotel Cæsar frå april til august 2009. Han sovna stilt inn onsdag 11. november 2009.

Helge Reiss var son av skodespelaren Thorleif Reiss og far til Georg Michael Reiss og Esther Reiss.

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

År Tittel Rolle
1948 Den hemmelighetsfulle leiligheten Kelner (ukreditert)
1959 5 loddrett Seljar
1961 Hans Nielsen Hauge Overrettsprokurator Lumholtz
1970 Skulle det dukke opp flere lik, er det bare å ringe … Politibetjent Jeremias Pedersen Grodahl
1971 Gråt, elskede mann
1974 Den siste Fleksnes Flypassasjer
1975 Flåklypa Grand Prix Rudolf Blodstrupmoen (stemme)
1976 Bør Børson II O.G. Hansen
Olsenbanden for full musikk Baronen
1977 Olsenbanden & Dynamitt-Harry på sporet Mann i grått
1978 Formynderne Professor Hieronimus
1980 La elva leve! Industrirepresentant
1982 For Tors skyld Far til Laila
1985 Deilig er fjorden! Svoger
1987 På stigende kurs Disponent
1992 Det perfekte mord
1998 Solan, Ludvig og Gurin med reverompa Rudolf Blodstrupmoen (stemme)
2000 De 7 dødssyndene
Hovmod
2003 Mors Elling Bugge-Høvik
2004 Gråtass – Hemmeligheten på gården Advokat Antonsen

Fjernsynsroller[endre | endre wikiteksten]

Denne lista er truleg ikkje komplett.

År Tittel Rolle
1972 Fleksnes fataliteter – Vinterferie Mann på flyet
1974 Fleksnes fataliteter – Biovita Helsesenter Vaktmann på helsesenteret
1979 Brødrene Dal og professor Drøvels hemmelighet Professor Drøvel
1998 Nr. 13 Herr Skau
2005 Tjuefjerde Faren Per
2009 Hotel Cæsar Gregorius Bang

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Helge Reiss er død Arkivert 2009-11-16 ved Wayback Machine.» på Dagbladet.no (12.11.2009).
  2. 2,0 2,1 Norsk biografisk leksikon.