Helge Skuseth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Helge Peter Skuseth (fødd 29. april 1953) er ein tidlegare fotballspelar og sportsjournalist frå Ålesund, aktiv i Skarbøvik Idrettsforening og IK Start. Han vart seriemeister med sistnemnde i 1978 og 1980. Sportsjournalist i Sunnmørsposten frå 1983 til han vart pensjonert.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Skuseth voks opp i bydelen Heissa i Ålesund. Frå 1970 spelte han på tredjedivisjonslaget Skarbøvik Idrettsforening. Han var angrepsspelar og utmerkte seg med ein framifrå teknikk. Laget rykte opp i 1972, men rykte nedatt frå andredivisjon allereie sesongen etter. Dermed melde Skuseth overgang til fyrstedivisjonslaget Start. Gjennom seks-og-ein-halv sesong i Start skåra han 38 mål og bidrog til at laget vart nummer tre i 1. divisjon 1975. Sidan vart han norsk seriemeister i 1978 og 1980. År 1980 spelte han berre halve sesongen, ettersom han om sommaren flytta tilbake til Ålesund. Sidan var han aktiv i Skarbøvik IF til 1983. I 1984 var han med om å spele Hessa IL opp i 4. divisjon.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Skuseth landslagdebuterte i Luxemburg 3. november 1973, ein kamp som heimelaget vann. Han skåra eitt av mål då Noreg slo Finland 5–3 på Olympiastadion i Helsinki. Vel to månader seinare skåra han det tredje målet då Island vart send heim frå Brann stadion med tap 2–3. Same året den 28. august på Ullevål stadion skåra han Noregs mål då Sovjetunionen sigra med 3 mot 1. Skuseth sin 16. og siste landskamp fann stad på Råsunda i Stockholm 16. juni 1976.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Seriemeister: 1978 og 1980 for IK Start

Kjelder[endre | endre wikiteksten]