Helge Solum Larsen
Helge Solum Larsen | |
| |
Fødd | 14. januar 1969 Stavanger kommune |
---|---|
Død | 18. desember 2015 (46 år) |
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Venstre |
Yrke | politikar |
Verv | Fylkestingsmedlem i Rogaland 2011–2015 |
Verv | Bystyremedlem i Stavanger 1991–2015 |
Verv | 1. nestleiar i Venstre 2010–2012 |
Verv | Leiar i Rogaland Venstre 1994–1997 |
Føregangar | Marit Jelsa |
Etterfylgjar | Iselin Nybø |
Verv | Leiar av Unge Venstre 1994–1997 |
Helge Solum Larsen (14. januar 1969–18. desember 2015)[1] frå Stavanger var ein norsk politikar (Venstre). Han sartt i bystyret i Stavanger frå 1991. Frå 1994 til 1997 var han leiar for Unge Venstre. I stortingsperioden 2005 til 2009 var han første vararepresentant til Stortinget frå Rogaland. Han har òg vore varamedlem i styret i Nei til EU. Frå 2004 var han med i landsstyret i Venstre, og i 2010 vart han utnemnd til nestleiar i partiet. I kommunevalet 2011 stod han som Venstre sin fylkesordførarkandidat i Rogaland.
Etter valet blei han leiar av Kommunalstyret for byutvikling i Stavanger og fylkesutvalgsmedlem i Rogaland. Den 7. februar 2012 trekte Helge Solum Larsen seg som nestleiar av Venstre, men fullførte perioden som folkevald til det nye fylkestinget og bystyret kom på plass hausten 2015.[2] Bakgrunnen var ei valdteksanklage som førte til sikting og seinare henlegging.[3][4][5][6]
Solum Larsen døydde plutseleg den 18. desember 2015, etter ei hjernebløding.[7]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «Helge Solum Larsen er død». ABC Nyheter. 19. desember 2015. Henta 19. desember 2015.
- ↑ «Trekker seg fra alle verv». Dagsavisen. Arkivert frå originalen 9. november 2013. Henta 9. november 2013.
- ↑ Aftenposten, 07.02.12: Venstre-topp anmeldt for voldtekt
- ↑ «Venstres nestleder voldtektssiktet». VG Nett. Henta 9. november 2013.
- ↑ Henleggelse Solum Larsen[daud lenkje].
- ↑ «Saken mot Solum Larsen henlegges». NRK Rogaland. Henta 9. november 2013.
- ↑ Eriksen, Nicolai (19. desember 2015). «Helge Solum Larsen er død». Dagbladet. Henta 31. oktober 2016.