Helge Stangnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Helge Stangnes
Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. november 1936 (87 år)
Tranøy
Yrke lyrikar

Helge Stangnes (fødd 6. november 1936 i Tranøy kommune) er ein norsk lyrikar som debuterte i 1992 med samlinga Lys langs en fjord. Frå 1960 til 1991 arbeidde han som lærar ved skular i Tromsø, før han tok tok hovudfag med forsking på Senja-målet. Hovudoppgåva hans i norsk heitte Stadnamn frå Stonglandet og Lemmingvær på Senja : med vekt på historie, kultur - og arbeidsliv. Han har vore tilsett ved Institutt for språk og litteratur ved Universitetet i Tromsø, og er medlem av Nordnorsk Forfatterlag. Stangnes gir ut bøker på Nordkalottforlaget på Stonglandseidet. Han omtalar dikta sine som «brukspoesi» og dei er skrivne på tilnærma Senja-dialekt, for og frå nordnorsk kystkultur.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • 1992 – Lys langs en fjord, NordKalott-forlaget
  • 1996 – Landet og lyset, diktsamling, NordKalott-forlaget
  • Tekstar til Johs. Røde, Lofotens Røde (CD), samt fleire utgjevingar med Boknankaran
  • 2000 – Tromsødialekten, Tromsøboka
  • 2001 – Landet og Tonen, forestilling i samarbeid med Johs. Råde, framført av Nordlendingenes Forenings kor i Oslo
  • 2002 – Kjøss meg på måndag - så har du heile vekka fri : gamle ord, ordtak og regler frå Senja, Sør-Troms og Midt-Troms, Nordkalott-forlaget
  • 2004 – Nothundliv. Bestillingsverk for kabaret, til Lenvik kommune i 2000 (inneheld mellom anna «Krilvalsen», «Sildkvælartango», «Sirop og solar (Hartvig handelsmann si vise)», «En hælsikes prosedyre» (om å få start på ein 60 Union), «Nattsild blues», «Notlinarshanty», «Fest i Innerhopen», «Jent'n i værret», «Anna Maria», «Du hælgolands Hænrek»), også utgjeven på CD
  • 2004 – Frø i Vind, diktsamling, Nordkalott-Forlaget
  • 2005 – Han som gjekk først : forfattaren, skolemannen og kulturforkjemparen Lars Berg, redigert saman med Aud Tåga, artikkelsamling om forfattaren Lars Berg.
  • 2005 – Fantartisk, framført av poesigruppa Poetica (Helge Stangnes, Erling Stangnes og Arvid Ingebrigtsen) på Kulturhuset i Finnsnes
  • 2011 – Vintersang : viser og dikt

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

  • 1995 – Tranøy kommunes kulturpris
  • 1996 – Blix-prisen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen byggjer på «Helge Stangnes» henta frå Wikipedia på bokmål 4. februar 2010.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]