Helgeandsholmen

Koordinatar: 59°19′39.781″N 18°4′4.6596″E / 59.32771694°N 18.067961000°E / 59.32771694; 18.067961000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°19′39.781″N 18°4′4.6596″E / 59.32771694°N 18.067961000°E / 59.32771694; 18.067961000

Helgeandsholmen
øy
Land  Sverige
Kart
Helgeandsholmen
59°19′40″N 18°04′11″E / 59.3279°N 18.0697°E / 59.3279; 18.0697
Wikimedia Commons: Helgeandsholmen
Helgeandsholmen og Riksdagen sett frå vest.

Helgeandsholmen er ei øy i Norrström i Stockholm. Helgeandsholmen tilhøyrer bydelen Gamla stan.

Helgeandsholmen med den avlange forma si har oppstått dels gjennom landheving, dels gjennom langvarige utfyllingsarbeid. I dag kan ein ikkje sjå nokre spor av den opphavlege forma, som i mellomalderen utgjorde tre holmar i Norrström. På slutten av 1200-talet vart HelgeandshusetHuset til den heilage anden – på holmane. Det var den første heimen i byen for fattige og sjuke. Huset inneheldt sjukehus, kapell og kyrkjegard.

dronning Kristina si tid fekk Helgeandsholmen ein meir standsmessig utsjånad. I 1647 vart det bygd ein stor hoffstall til Karl XI. Her stod det 200 hestar i ein bygning som òg inneheldt ri- og vognhus. Hoffstallen vart ståande til slutten av 1800-talet, då ein byrja å heve holmen. I perioden 18971905 vart Riksdagshuset bygd, og før dette Riksbanken. Riksgatan skil bygningane frå kvarandre. Etter ei ombygging i 19781983 held Sveriges riksdag til i begge husa.

Ved om- og påbyggingsarbeidane gjorde ein rike arkeologiske funn, og desse, og dessutan mange andre funn frå mellomalderen er i dag utstilt på Stockholms medeltidsmuseum, som òg ligg på Helgeandsholmen, med inngang frå den vesle Strömparterren, aust for Norrbro.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]