Helgehornet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Helgehornet i Volda sett frå Eksetsvingen, E 39

Helgehornet er eit fjell (623 moh) i Volda kommuneSunnmøre. Fjellet ligg på Berkneshalvøya mellom Voldsfjorden og Ørstafjorden.

Helgehornet er det dominerande fjellet nokre få km nord for E39 mellom Volda og Ørsta. Fylkesveg 653 Eiksundsambandet tar av frå E39 sør for Helgehornet, og går langs austsida av fjellet langs Hovdevatnet, går gjennom Helgehorntunnelen og går deretter nord for fjellet til like før vegen går inn i Eiksundtunnelen.

Kommunegrensa mellom Volda og Ørsta går eit stykke oppe i nordaustsida av fjellet.

Helgehornet er eit svært populært turmål, då det er lett tilgjengeleg, og byr på flott utsikt i alle retningar. Mellom anna kan ein sjå Slogen om lag 35 km rett aust. Vanlegast er det no å køyre opp til skytebana i Sollidalen (ca 270 moh), og gå derifrå etter tydeleg merkt sti. Det er også mogleg, men noko lenger, å køyre eller gå skogsveg som startar ved Hovdevatnet, og deretter gå merkt sti.

På toppen er det ei radio/TV/kommunikasjonsmast.