Helgeland kammerkor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Helgeland kammerkor før ein konsert i Lewisham i London juni 2011.

Helgeland kammerkor er eit regionalt blanda kor med om lag 35 songarar. Koret vart stifta i Sandnessjøen i 1992, og har sidan arrangert konsertar på dei fleste store og mange små stader på ytre og indre Helgeland. Koret har medlemmer frå Alstahaug, Brønnøy, Dønna, Herøy, Lurøy, Nesna, Rana og Vefsn kommunar. Helgeland Kammerkor har øvingshelg ein gong i månaden, og konserthelger/turnéar kvart semester.

Helgeland kammerkor har gitt ut to CD-plater: Folketoner fra Helgeland (2005) og Mennesket og skaperverket (2012).

Hausten 2012 feira Helgeland kammerkor 20-årsjubileum med konsertar på Hurtigruta og i Lurøy kyrkje. Samtidig vart koret profilert i Norges Korforbunds tidsskrift Korbladet.[1] Mars 2013 vart Helgeland kammerkor presentert som vekas artist på NRK Nordland, med musikk frå CD-plata Mennesket og skaperverket.

Hausten 2017 feira Helgeland kammerkor 25-årsjubileum med stor konsert i Kulturbadet i Sandnessjøen, i lag med distriktsmusikargruppa KammeRana. Ein artikkel om Helgeland kammerkor i bladet Bo & Lev på Helgeland, skriven i samband med jubileet, skildrar koret slik: «I 25 år har Helgeland kammerkor vært et godt eksempel på samarbeid i regionen.»[2]

Dirigentar[endre | endre wikiteksten]

Helgeland kammerkor held konsert i Røssvoll kyrkje april 2013
  • 1992–1993 Knut Størdal
  • 1994–1995 Ivar Roger Hansen
  • 1995–1997 Lise Jaastad
  • 1997–2001 Øivind Mikalsen
  • 2001–2004 Christopher Eva
  • 2005–2008 Hazel Eilertsen
  • 2008–2009 Vegard By
  • 2009–2018 Christopher Eva

Større oppsetjingar[endre | endre wikiteksten]

Helgeland kammerkor held julekonsert i Herøy kyrkje desember 2013
Helgeland kammerkor i Reykjavík juni 2014.

[[Fil;HK 2017.10.28 Sandnessjøen.jpg|mini|Helgeland kammerkor markerer 25-årsjubileum med konsert på Kulturbadet i Sandnessjøen, i samarbeid med KammeRana 28. oktober 2017]]

Reiseaktivitet[endre | endre wikiteksten]

Helgeland Kammerkors CD-plate Folketoner fra Helgeland er innspilt i Alstahaug kyrkje, ei gamal steinkyrkje som er knytt til Petter Dass og som har solide historiske røter i helgelandsk kultur.

Helgeland Kammerkor har reist på tre korturar utanlands

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Folketoner fra Helgeland (2005) 27 folketoner fra Helgeland. Dirigent: Christopher Eva. Innspilling: Alstahaug kyrkje, 16.-18. september 2005. Produsent: Fred Endresen.
  • Mennesket og skaperverket (2012) Salmer, viser, folketoner og madrigaler. Dirigent: Christopher Eva. Tittelen er henta frå ein salme av Svein Ellingsen. Innspilling: Gruben kirke, Mo i Rana, 27.-29. januar 2012. Produsent: Fred Endresen.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Korbladet 2012-3 Arkivert 2014-12-05 ved Wayback Machine., Norges Korforbund
  2. Synger ut for regionalt samarbeid, Bo&Lev på Helgeland 4/2017
  3. Asbjørg Sande: Med sanger som tilhører dagen, Helgeland Arbeiderblad, 1. mai 2007
  4. Arne Forbord: Ingen tidlig lundeankomst, Rana Blad, 14. april 2012
  5. Hedda Hiller Elvestad: Helgelands vakreste stemmer, Rana Blad, 29. april 2013
  6. Sidsel Haraldsen: Mektig av Helgeland kammerkor, Helgeland Arbeiderblad, 9. desember 2013
  7. Helgeland Kammerkor sang for en nesten fullsatt kirke i Sandnessjøen, Helgelands Blad, 9. desember 2013
  8. Morten Hofstad: Tar stor-verk på turne, Helgelands Blad, 23. mai 2014
  9. Hedda Hiller Elvestad: Svimlende skjebnesang, Rana Blad, 26. mai 2014
  10. Kenneth Haagensen Husby: Sang seg fra Helgeland til USA, Rana Blad, 27. oktober 2014
  11. Beate Nygård: Teller ned til 300-årsdagen, Rana Blad, 4. januar 2015
  12. Høydepunkt fra kirkemusikkfestivalen: Kirkemusikkfestivalen åpnet søndag med Helgeland Kammerkor og fløytisk Anne Guri Frøystein, Rana Blad, 5. januar 2015