Helgi Björnsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Helgi Björnsson
Fødd 1942
Yrke glasiolog

Helgi Björnsson (fødd 1942 i Reykjavík) er ein islandsk geofysikar og glasiolog. Han er kjent for arbeidet sitt med avrenning frå isbrear, og spesielt der isbrear er kombinerte med geotermisk varme. Dette har mellom anna resultert i forfattarskap av fleire vitskaplege artiklar om jökulhlaup. Helgi jobbar som forskar ved Háskóli Íslands (Universitetet på Island).

I 1988 tok han doktorgraden ved Universitetet i Oslo med oppgåva «Hydrology of Ice Caps in Volcanic Regions». I perioden frå 1994 til 2004 var han professor II i glasiologi ved Universitetet i Oslo. I 2002 blei han æresdoktor ved Universitetet i Stockholm.

Publikasjonar[endre | endre wikiteksten]

Sidan 1979 har Helgi gitt ut ei rekke vitskaplege artiklar i tidsskrift som til dømes Nature. Han har au skrive kapitel i bøker og laga spesialkart.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]