Heli Rantanen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Heli Rantanen

Statsborgarskap Finland
Fødd 26. februar 1970 (54 år)
Lammi
Yrke spydkastar, friidrettsutøvar
Høgd 174 centimeter

Heli Orvokki Rantanen (fødd 26. februar 1970) er ein finsk tidlegare friidrettsutøvar frå Lammi i Södra Finland som vann gullmedaljen i spydkasting under Sommar-OL 1996 i Atlanta.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Rantanen kvalifiserte seg til alle dei internasjonale spydfinalane tida 1991-98, med unnatak for EM 1994 på finsk heimebane, ho var då skadd og deltok ikjje i meisterskapen. Året etter var ho nær å vinne si fyrste VM-medalje, men vart snytt for bronsen av landskvinna Mikaela Ingeberg med ein margin på 12 centimeter.

Under dei olympiske sommarleikane 1996 i Atlanta i delstaten Georgia sette Rantanen personleg rekord med 66,54 m i kvalifiseringa. I finalen smelte ho til med 67,94 m i fyrste omgangen, eit kast ingen annan sidan var i nærleiken av. Ho vann tevlinga med meir enn to meters margin til sølvvinnaren Louise McPaul frå Australia, norske Trine Hattestad tok bronsen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]