Heliakisk oppgang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Heliakisk oppgang er når ei stjerne stig opp over horisonten i aust før soloppgang, det vil sei første gongen ein ser stjerna i grålysninga om morgonen. Stjerna har heliakisk nedgang siste gang ein ser ho i skumringa om aftanen. I den gamle egyptiske kalenderen byrja eit nytt år på den første dagen då Sirius hadde heliakisk oppgang.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]