Heliconia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Heliconia
Heliconia latispatha (Starwiz).jpg
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Ingefærordenen Zingiberales
Familie: Heliconiaceae
Slekt: Heliconia
L., 1771
Heliconia mariae med blomestand
Heliconia psittacorum

Heliconia er ei slekt av dekkfrøplantar og den einaste slekta i familien Heliconiaceae. Dei fleste av dei om lag 194 kjende artane[1] kjem frå tropiske delar av Amerika, men nokre få stammar frå nokre øyar i Vest-Stillehavet og Maluku i Indonesia.[2] Mange artar i Heliconia veks i dei tropiske skogane i desse regionane. Dei fleste artane er anten rekna som sårbare eller utan nok data på den globale raudlistar over truga artar.[3] Fleire artar i slekta er utbreidde som prydplantar, og nokre få veks forvilla i Florida, Gambia og Thailand.[4] Nokre engelske namn for slekta er lobster-claws, toucan beak, wild plantain og false bird-of-paradise. Den siste nemninga viser til at dei liknar på blomar frå slekta Strelitzia, som også blir kalla bird-of-paradise flowers.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Dei urteaktige plantane blir mellom 0,5 og nær 4,5 meter høge, avhengig av art.[5] Dei enkle blada er 15–300 cm lange. Dei er karakteristiske avlange og sit anten spreidd eller motsett kvarandre på bladstilkar som ofte er lengre enn bladet, og ofte dannar store klumpar med alderen. Blomane blir danna på lange, opprette eller hengande forgreina blomestandar, og består av fargerike, voksaktige dekkblad, med små ekte blomaer som kikker ut frå dekkbladea. Vekstmåten til Heliconia minnar om den til Canna, Strelitzia og bananar, som dei er i slekt med. Blomane kan ha ulike sjatteringar av raudt, oransje, gult og grønt. Blomeforma gjer at dei ofte berre kan bli pollinerte av særskilde kolibriar frå vekstområdet.[6]

Blad[endre | endre wikiteksten]

Bladforma minnar om hummerklør. Blad som sit ulike stader på planten har ulikt absorsjonspotensial av sollys til fotosyntese når dei blir utsette for ulike styrker av lys.[7]

Blomar[endre | endre wikiteksten]

Blomane dannar mykje nektar som tiltrekk pollinatorar. Dei vanlegaste av desse er kolibriar.[8]

Heliconia rostrata i Vest-Bengal i India

Frø[endre | endre wikiteksten]

Fruktene er blålilla og blir hovudsakleg spreidde av fuglar.[9] Studiar av frø etter spreiing har vist at storleiken ikkje var viktig for vidare vekst. Den største predasjonen av frø var frå pattedyr.[10]


Taksonomi[endre | endre wikiteksten]

Heliconia er den einaste slekta i den monotypiske familien Heliconiaceae. Ho blei tidlegare rekna til familien Musaceae, som omfattar bananar (som Musa og Ensete[11]). APG-systemet frå 1998 og etterfølgjaren, APG II-systemet frå 2003, bekreftar Heliconiaceae som ein eigen familie i ordenen Zingiberales, eller ingefærordenen, innan kladen einfrøblada plant.

Artar[endre | endre wikiteksten]

Artar godkjende av Kew Botanic Gardens:[4]

Bilete Vitskappleg namn Utbreiing
Heliconia abaloi Colombia
False Bird-of-paradise (Heliconia acuminata) (28283687409).jpg Heliconia acuminata Sør-Amerika
Heliconia adflexa Sørlege Mexico, Guatemala, Honduras
Heliconia aemygdiana 1zz.jpg Heliconia aemygdiana Sør-Amerika
Heliconia albicosta Costa Rica
Heliconia angelica Ecuador
Heliconia angusta (BG Zurich)-02.JPG Heliconia angusta Søraust-Brasil
Heliconia apparicioi Ecuador, Peru, Nordvest-Brasil
Heliconia arrecta Colombia
Heliconia atratensis Colombia
Heliconia atropurpurea Colombia, Panama, Costa Rica
Heliconia aurantiaca 09.jpg Heliconia aurantiaca Sørlege Mexico, Sentral-Amerika
Heliconia auriculata Bahia
Heliconia badilloi Colombia
Heliconia barryana Chiriquí
Heliconia beckneri Costa Rica
Heliconia bella Panama
Heliconia berguidoi E Panama
Heliconia berriziana Colombia
Heliconia berryi Napo, Ecuador
Heliconia bihai 01 by Line1.jpg Heliconia bihai Karibia
024 bourgaeana.jpg Heliconia bourgaeana Sørlege Mexico, Sentral-Amerika
Heliconia brachyantha Panama, Colombia, Venezuela
Heliconia brenneri Ecuador
Heliconia burleana.jpg Heliconia burleana Colombia, Ecuador, Peru
Heliconia caltheaphylla Costa Rica
Heliconia caquetensis Colombia
Heliconia carajaensis Pará
Heliconia caribaea (Heliconiaceae).jpg Heliconia caribaea Dei karibiske øyane
Heliconia carmelae Colombia
015 chartaceae.jpg Heliconia chartacea Nordlege Sør-Amerika
Heliconia chrysocraspeda Colombia
013 clinophila.jpg Heliconia clinophila Costa Rica, Panama
Starr-090617-1016-plant-Heliconia sp-possibly colgantea or nutans with rostrata flowers-Haiku (9211500945).jpg Heliconia colgantea Costa Rica, Panama
Heliconia collinsiana BotGardBln271207E.jpg Heliconia collinsiana Sørlege Mexico, Sentral- Amerika
Heliconia combinata Colombia
Heliconia cordata Colombia, Ecuador
Heliconia crassa Guatemala
Heliconia cristata Panama
Heliconia cucullata Costa Rica, Panama
Heliconia longa (14674280947).jpg Heliconia curtispatha Colombia, Ecuador, Sentral-Amerika
Heliconia danielsiana (9712592684).jpg Heliconia danielsiana Costa Rica, Panama
Heliconia darienensis Colombia, Panama
Heliconia dasyantha Surinam, Fransk Guyana
Heliconia densiflora Fireflash 1zz.jpg Heliconia densiflora Trinidad, nordlege Sør-Amerika
Heliconia dielsiana NW South America
Heliconia donstonea Colombia, Ecuador
Heliconia episcopalis - Flickr - Alejandro Bayer (1).jpg Heliconia episcopalis Sør-Amerika
Heliconia estherae Colombia
Heliconia estiletioides Colombia
Heliconia excelsa Napo
Heliconia velloziana.jpg Heliconia farinosa Søraust-Brasil, Nordaust-Argentina
Heliconia faunorum Panama
Heliconia fernandezii Antioquia, Colombia
Heliconia × flabellata Ecuador
Heliconia foreroi (14918909485).jpg Heliconia foreroi Colombia
Heliconia fragilis Colombia
Heliconia fredberryana Imbabura
Heliconia fugax Peru
Heliconia gaiboriana Los Ríos
Heliconia gigantea Colombia
Heliconia gloriosa (9712500413).jpg Heliconia gloriosa Peru
Heliconia gracilis Costa Rica
002 griggsiana.jpg Heliconia griggsiana Colombia, Ecuador
Heliconia harlingii Ecuador
Heliconia hirsuta (9709354435).jpg Heliconia hirsuta Sentral- og Sør-Amerika, Trinidad
Heliconia holmquistiana Colombia
Heliconia huilensis Colombia
Heliconia ignescens Costa Rica, Panama
Flickr - ggallice - Infloresence.jpg Heliconia imbricata Costa Rica, Panama, Colombia
Heliconia impudica (Heliconiaceae) (29856107273).jpg Heliconia impudica Ecuador
Heliconia indica Papuasia, Maluku
Heliconia intermedia Colombia
Heliconia irrasa 1.jpg Heliconia irrasa Costa Rica, Panama, Nicaragua
Heliconia julianii (9712499043).jpg Heliconia julianii Nordlege Sør-Amerika
Heliconia juruana Ecuador, Peru, Nordvest-Brasil
Heliconia kautzkiana Espírito Santo
Heliconia lanata Salomonøyane
Heliconia lankesteri Costa Rica, Panama
Heliconia lasiorachis Colombia, Peru, Nordvest-Brasil
Platanillo (Heliconia latispatha) (14485478090).jpg Heliconia latispatha Sørlege Mexico til Peru
Heliconia laufao Samoa
Heliconia laxa Colombia
Heliconia lentiginosa Antioquia
Heliconia librata Sørlege Mexico, Sentral-Amerika
Starr 980529-4212 Heliconia lingulata.jpg Heliconia lingulata Peru, Bolivia
Heliconia litana Imbabura
Heliconia longiflora - Colombia, Ecuador, Central America.jpg Heliconia longiflora Colombia, Ecuador, Sentral-Amerika
Heliconia longissima 2.jpg Heliconia longissima Colombia
Heliconia lophocarpa Costa Rica, Panama
Heliconia lourteigiae Sør-Amerika
021 lozanoi.jpg Heliconia lozanoi Colombia
Heliconia luciae Amazonas i Brasil
Heliconia lutea Panama
Heliconia luteoviridis Colombia
Heliconia lutheri Ecuador
Heliconia maculata Panama
Heliconia magnifica Panama
Heliconia × mantenensis Minas Gerais
Heliconia marginata Nordlege Sør-Amerika, sørlege Sentral-Amerika
Heliconia mariae, the Firecracker Heliconia (9709353075).jpg Heliconia mariae Nordvestlege Sør-Amerika, Sentral-Amerika
Heliconia markiana Ecuador
Heliconia marthiasiae Sørlege Mexico, Sentral-Amerika
Heliconia meridensis Colombia, Venezuela
Heliconia metallica.jpg Heliconia metallica Nordlege Sør-Amerika, Sentral-Amerika
Heliconia monteverdensis Costa Rica
Heliconia mooreana Guerrero
Heliconia mucilagina Colombia
Heliconia mucronata Venezuela, Nordvest-Brasil
Heliconia mutisiana (9712591868).jpg Heliconia mutisiana Colombia
Heliconia nariniensis Colombia, Ecuador
Heliconia necrobracteata Panama
Heliconia × nickeriensis Surinam, Fransk Guyana
Heliconia nigripraefixa Colombia, Ecuador, Panama
Heliconia nitida Colombia
Heliconia nubigena Costa Rica, Panama
Heliconia nutans Costa Rica, Panama
Heliconia obscura Ecuador, Peru
Heliconia obscuroides Colombia, Ecuador, Peru
Heliconia oleosa Colombia
Heliconia orthotricha (9715730216).jpg Heliconia orthotricha Colombia, Ecuador, Peru
Heliconia osaensis Colombia, Sentral-Amerika
Heliconia paka Fiji
Heliconia paludigena Ecuador
Heliconia papuana Ny-Guinea
Heliconia pardoi Ecuador
Heliconia pastazae Ecuador
Heliconia peckenpaughii Napo
Heliconia pendula Guyana, Fransk Guyana, Nordaust-Brasil
Heliconia penduloides Peru
Heliconia peteriana Ecuador
Heliconia × plagiotropa Ecuador
Heliconia platystachys-- False Lobster Claw (29194479864).jpg Heliconia platystachys Nordvestlege Sør-Amerika, sørlege Sentral-Amerika
Heliconia pogonantha (inflorescense).jpg Heliconia pogonantha Nordvestlege Sør-Amerika, sørlege Sentral-Amerika
Heliconia pruinosa Peru
Heliconia pseudoaemygdiana Rio de Janeiro
Heliconia - Platanillo (Heliconia psittacorum Andromeda) (14667117794).jpg Heliconia psittacorum Nordlege Sør-Amerika, Panama, Trinidad
Heliconia ramonensis Costa Rica, Panama
Heliconia rauliniana (14732361487).jpg Heliconia × rauliniana Venezuela
Heliconia regalis Colombia, Ecuador
Heliconia reptans Colombia
Heliconia reticulata Nordvestlege Sør-Amerika, sørlege Sentral-Amerika
Heliconia revoluta Colombia, Venezuela, Nordvest-Brasil
Heliconia rhodantha Colombia
Heliconia richardiana Nordaustlege Sør-Amerika
Heliconia rigida Colombia
Heliconia riopalenquensis Ecuador
Heliconia rivularis São Paulo i Brasil
Heliconia robertoi Colombia
Heliconia robusta Peru, Bolivia
Heliconia rodriguensis 0zz.jpg Heliconia rodriguensis Venezuela
Heliconia rodriguezii Costa Rica
Heliconia Rostrata 0003.jpg Heliconia rostrata Colombia, Ecuador, Peru, Bolivia
Heliconia samperiana Colombia
Heliconia sanctae-martae Sierra Nevada de Santa Marta
Heliconia sanctae-theresae Antioquia
Heliconia santaremensis Pará
Heliconia sarapiquensis.JPG Heliconia sarapiquensis Costa Rica, Panama
019 scarlatina.jpg Heliconia scarlatina Colombia, Panama, Peru
Heliconia schiedeana, the Parrot's Beak Heliconia (9712500831).jpg Heliconia schiedeana Mexico
Heliconia schumanniana (Heliconiaceae) (29637192780).jpg Heliconia schumanniana Colombia, Ecuador, Peru, Nord-Brasil
Heliconia sclerotricha Ecuador
Heliconia secunda Costa Rica, Nicaragua
Heliconia sessilis Panama
Heliconia signa-hispanica Colombia
Heliconia solomonensis Salomonøyane, Bismarckøyane
Heliconia spathocircinata Sør-Amerika, Panama, Trinidad
Heliconia spiralis Colombia
Heliconia spissa Sørlege Mexico, Sentral-Amerika
Junio 2013 837.jpg Heliconia standleyi Ecuador, Peru
Heliconia stella-maris Colombia
Heliconia stilesii 1.jpg Heliconia stilesii Costa Rica, Panama
Heliconia stricta (9712499425).jpg Heliconia stricta Nordlege Sør-Amerika
Heliconia subulata 4zz.jpg Heliconia subulata Sør-Amerika
Heliconia tacarcunae Panama
Heliconia talamancana kz1.jpg Heliconia talamancana Costa Rica, Panama
Heliconia tandayapensis Ecuador
Heliconia tenebrosa Colombia, Nordaust-Peru, Nordvest-Brasil
Heliconia terciopela Colombia
Heliconia thomasiana (14732346647).jpg Heliconia thomasiana Panama
Heliconia timothei Nordaust-Peru, Nordvest-Brasil
Heliconia titanum Colombia
Heliconia tortuosa 0zz.jpg Heliconia tortuosa Sør-Mexico, Sentral-Amerika
Heliconia trichocarpa Costa Rica, Panama, Colombia
Heliconia tridentata Colombia
Heliconia triflora Amazonas
Heliconia umbrophila Costa Rica
Heliconia uxpanapensis Veracruz
Heliconia vaginalis Costa Rica, Panama, Colombia, Ecuador
Heliconia vellerigera2.jpg Heliconia vellerigera Ecuador, Peru
Nabalu Sabah Heliconia-01.jpg Heliconia velutina Colombia, Ecuador, Peru, Nordvest-Brasil
Heliconia venusta (14277360816).jpg Heliconia venusta Colombia, Ecuador
Heliconia villosa Venezuela
Heliconia virginalis Ecuador
Heliconia wagneriana 7zz.jpg Heliconia wagneriana Sentral-Amerika, nordlege Sør-Amerika, Trinidad
Heliconia willisiana Pichincha
Heliconia wilsonii Costa Rica, Panama
Heliconia xanthovillosa-IMG 0702.JPG Heliconia xanthovillosa Panama
Heliconia zebrina Peru

Utbreiing og habitat[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste av dei 194 kjende artane[1] stammar frå tropisk Amerika, men nokre få kjem frå ulike øyar vest i Stillehavet og Maluku.[12] Ein finn mange Heliconia-artar i tropisk skog i desse områda. Fleire artar blir dyrka som prydplantar, og nokre få veks forvilla i Florida, Gambia og Thailand.[4]

Økologi[endre | endre wikiteksten]

Heliconia-artar er ei viktig matkjelde for skogkolibriar, særleg eremittar (Phathornithinae). Nokre av desse, som rustbrysteremitt (Glaucis hirsuta), nyttar også plantane til å ha reir i. Flaggermusa Ectophylla alba heldt også til i telt som ho lagar av heliconialauv.

Flaggermyser[endre | endre wikiteksten]

Pollinering[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om Heliconia-plantar blir pollinerte nesten berre av kolibriar, skjer det og noko pollinering frå flaggermyser. Heliconia solomonensis blir pollinert av flaggermusa Melonycteris woodfordiSalomonøyane. Heliconia solomonensis har grøne blomsetandar og blomar som opnar seg på natta, noko som er typisk for flaggermuspollinerte plan. Flaggermusa er den einaste kjende nattppollinatoren til Heliconia solomonensis.[13]

Habitat[endre | endre wikiteksten]

Mange flaggermyser bruker heliconiablad til ly. Ectohylla alba bruker fem ulike Heliconia-artar til å laga teltforma skjul kvar dag. Flaggermysene tek ut sidevenene til bladet frå bladnerva i midten, slik at det foldar seg saman som eit telt. Denne strukturen vernar flaggermusa frå regn, sol og rovdyr. I tillegg er ikkje stilkane til Heliconia-blad sterke nok til å bera typiske flaggermuspredatorar, slik at lauvet rister og åtvarer flaggermusa om dei er nære.[14] Artane Artibeus anderseni og A. phaeotis lagar telt av Heliconia-blad på same måte.[15] Ei anna flaggermus, Thyroptera tricolor, har sugekoppar på handledda slik at ho kan klynga seg fast til dei glatte overflaten til Heliconia-blada. Denne flaggermusa kviler med hovudet opp i samanrulla blad frå plantane.[16]

Insekt[endre | endre wikiteksten]

Heliconia i Lagos i Nigeria

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Christenhusz, M. J. M.; Byng, J. W. (2016). «The number of known plants species in the world and its annual increase». Phytotaxa (Magnolia Press) 261 (3): 201–217. doi:10.11646/phytotaxa.261.3.1. 
  2. "World Checklist of Selected Plant Families: Royal Botanic Gardens, Kew"[daud lenkje]. wcsp.science.kew.org.
  3. «Helliconia». IUCN Red List of Threatened Species. Henta 17 October 2019. 
  4. 4,0 4,1 4,2 «World Checklist of Selected Plant Families: Royal Botanic Gardens, Kew». wcsp.science.kew.org. Henta 13. januar 2022. 
  5. Berry, Fred; Kress, John (1991). Heliconia Identification Guide. Smithsonian Institution Press. 
  6. Gilman, Edward; Meerow, Alan (1 May 2007). «Heliconia spp. Heliconia». University of Florida IFAS Extension. 
  7. He, J.; Chee, C.; Goh, C. (1996). «'Photoinhibition' of Heliconia under natural tropical conditions: the importance of leaf orientation for light interception and leaf temperature». Plant, Cell & Environment 19 (11): 1238–1248. doi:10.1111/j.1365-3040.1996.tb00002.x. 
  8. Bruna, E. M.; Kress, W. J.; Marques, F.; da Silva, O. F. (2004). «Heliconia acuminata reproductive success is independent of local floral density». Acta Amazonica 34 (3): 467–471. doi:10.1590/s0044-59672004000300012. 
  9. Uriarte, M. Anciães; da Silva, M. T.B.; Rubim, P.; Johnson, E.; Bruna, E. M. (2011). «Disentangling the drivers of reduced long-distance seed dispersal by birds in an experimentally fragmented landscape». Ecology 92 (4): 924–937. PMID 21661555. doi:10.1890/10-0709.1. [daud lenkje]
  10. Hoii, Karen; Lulow, Megan (2006). «Effects of species, habitat, and distance from edge on post-dispersal seed predation in a Tropical Rainforest». Biotropica 29 (4): 459–468. doi:10.1111/j.1744-7429.1997.tb00040.x. 
  11. Walter Judd; et al. (2007). Plant Systematics: A phylogenetic approach (3rd utg.). Sunderland: Sinauer Associates, Inc. 
  12. "World Checklist of Selected Plant Families: Royal Botanic Gardens, Kew"[daud lenkje]. wcsp.science.kew.org.
  13. Kress, W. J. (1985). «Bat Pollination of an Old World Heliconia». Biotropica 17 (4): 302–308. JSTOR 2388592. doi:10.2307/2388592. 
  14. Timm, R.W.; Mortimer, J. (1976). «Selection of Roost sited by Honduran White Bats, Ectophylla Alba (Chiroptera: Phyllostomatidae)» (PDF). Ecology 57 (2): 385–389. JSTOR 1934829. doi:10.2307/1934829.  Den ukjende parameteren |hdl-access= vart ignorert (hjelp)
  15. Timm, R.W.; Patterson, B.D. (1987). «Tent Construction by bats of the genera Artibeus and Uroderma». Fieldiana: Zoology 29: 188–212. 
  16. Findley, J.S.; Wilson, D.E. (1974). «Observations on the Neotropical disk-winged bat, Thyroptera tricolor spix». Journal of Mammalogy 55 (3): 563–571. JSTOR 1379546. PMID 4853410. doi:10.2307/1379546. 

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]