Helikoid straum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Helikoid straum er ein korketrekkar-liknande vasstraum i ein meander og eit døme på ein sekundær straum.

Helikoid straum er ein medverkande faktor til at det oppstår utglidande bakkar og elveklipper i ein meanderande del av ei elv. Den helikoide rørsla i straumen medverkar til prosessar knytte til hydraulisk verknad og korrasjon på utsida av meanderet, og fører sediment over botnen av meanderen mot innsida.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hickin, Edward J. (2003), «Meandering Channels», i Middleton, Gerard V., Encyclopedia of Sediments and Sedimentary Rocks, New York: Springer, s. 432  ISBN 1 402 008724