Helikopter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eit russiskbygd Kamov Ka-50-helikopter med dobbel hovudrotor, såkalla koaksialrotorar.
Eit Bristol type 192 Belvedere-helikopter med tandemrotorar.

Eit helikopter er eit motordrive flygande transportmiddel. Helikopteret har ein horisontal propell som eigenleg er roterande vengar, kalla rotor, på toppen, og ein vertikalt plassert propell, halerotor, som trengst for å motverke den rotasjonskrafta på fartøyet som skuldast hovudrotoren. Då hovudrotoren både lyfter helikopteret og driv det framover, treng ikkje helikopter rullebane for å letta og lande, og vert difor brukte for transport der det ikkje finst flyplassar, og i andre situasjonar der det er upraktisk eller ikkje let seg gjere å bruke fly med faste vengjer.

Istaden for å utstyre helikopteret med ein vertikal halerotor for å motverke den rotasjonskrafta på fartøyet som skuldast hovudrotoren, kan hovudrotoren gjerast dobbel ved at to rotorar sit på same aksel og roterer i motsett lei i høve til kvarandre, den eine over den andre, kalla koaksialrotorar. Ei anna løysing er å ha ein hovudrotor framme på helikopteret og ein hovudrotor bak på helikopteret som roterer i motsett lei i høve til kvarandre, såkalla tandemrotorar, som gjev helikopteret større lyftekapasitet enn om det berre hadde ein hovudrotor. Både koaksialrotorar og tandemrotorar er teknisk meir komplisert og dyrare enn løysinga med ein hovudrotor kombinert med ein vertikal halerotor, og har for det meste berre vore nytta på militære helikopter. Mesteparten av dei helikoptera med koaksialrotorar som har vore produsert, har kome frå den russiske produsenten Kamov.

Ein viktig eigenskap ved eit helikopter er at det, i motsetnad til eit fly, har eit særs stort navigeringsspelerom. Det kan fly i alle retningar, rett opp, rett ned, sidelengs osb, og kan haldast flygande på ein fast plass i ei fast høgd. Dette gjer det mellom anna mogleg å feste last til ei line som heng ned frå helikopteret, og soleis nytte det til å hente og frakte last som er større enn det helikopteret kan romme, og deretter lett plassere lasta der ho skal nyttast, så å seie utan omsyn til terrengtilhøva. På tilsvarande vis kan redningsfolk firast ned frå helikopteret for å berge folk i som ligg i sjøen, ligg skada i ulendt terreng, sit fast på fjellhyller osb. Helikopteret kan òg nyttast som arbeidsreiskap, til dømes når kraftliner skal strekkjast.

Helikoptertransport i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Helikopter i Noreg er ofte nytta til vare- og persontransport i veglaust terreng, for å få gjort arbeid på kraftliner og andre høge innretningar, til sjuketransport og redningsoperasjonar, i politiet og i militær samanhang. Dessutan vert helikopter brukte for å transportera folk til og frå oljeinstallasjonar i Nordsjøen.