Helios
Helios i stridsvogna si. Måleri frå 1680 av Johann Baptist Zimmermann.
Helios (gresk Ήλιος (hēlios), 'sol') er solguden i gresk mytologi. Kvar dag køyrer over himmelen i ei gyllen vogn trekt av fire hestar, medan han sigler i ein båt over verdselva Okeanos om natta for å koma tilbake til utgangspunktet sitt i aust om morgonen.
Familie[endre | endre wikiteksten]
Helios var son av titanane Hyperion, som var gud for lys, og Theia. Syskena hans er Selene (månen) og Eos (morgonrauden).
Helios blir gjerne framstilt som ein skjegglaus man i lilla klede med ein glorie eller flagrande hår som liknar solstrålar.
Namn[endre | endre wikiteksten]
Guden blei også kalla Helios Panoptes, 'den altsjåande Helios/sola'.
Namnet på grunnstoffet helium er avleidd av Helios. Helium er eitt av dei viktigaste stoffa i sola.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Helios (mytologi)» frå Wikipedia på bokmål, og «Helios» frå Wikipedia på svensk den 22. mars 2008.