Heliotropisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Innandørs potteplante som syner sterk heliotropisme

Heliotropisme (av gresk helios, 'sol', og trope, 'vending') er i botanikken ein eigenskap hjå plantar som går ut på at organa deira kan ta ei bestemt stilling vend mot sollyset. Dette kan vera særleg tydeleg hjå plantar i eit vindauge, der greinene strekker seg mot det innkomande lyset.

Den heliotropiske stillinga til ein plante blir bestemt av innfallsretninga til lyset. Greiner og bladskaft innrettar seg mot lyset i innfallsretninga, dei er positivt heliotropiska, medan bladskivene er diaheliotropiska, det vil seia at dei breier seg ut i eit plan som er vinkelrett mot det innfallande lyset, slik at dette i så høg grad som mogleg kjem bladet til gode. Klatrerøtene til eføy, Ficus og mange røter som høyrer til i jorda er negativt heliotrope ved at dei veks vekk frå det innfallande lyset.

Heliotropismen er knytt til rørslefenomen hjå plantene der den eine sida veks sterkare enn den andre. Ved positiv heliotropisme veks til dømes sida vend vekk frå lyset sterkare enn den som blir direkte treft av det. Hjå nokre plantar kan dei heliotropiske eigenskapane til organa veksla med utviklinga. Blomeskafta hjå murtorskemunn (Cymbalaria muralis) er til dømes positivt heliotropiske. Når frukta er utvikla, blir dei derimot negativt heliotropiske, slik at frukta blir bøygd vekk frå lyset og inn mot sprekker i berg eller mur der planten gjerne veks.

Lysintensitet har stor tyding for heliotropiske rørslefenomenen. Ved svak belysing er vekstane positivt heliotropiske, ved for sterk belysing negativt heliotropiske, og om det er midt imellom har dei eit heliotropisk mellomstadium. Tendensen hjå plantar til å slik finna den best passande lysintensiteten er blitt kalla fotometri.

Heliotropisme er tendensen nokre plantar har til å vende seg mot eller bort fra lyset, medan fototropisme er sjølve evna nokre plantar har til å gjera det.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]