Hella Wuolijoki

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hella Wuolijoki

Statsborgarskap Estland, Finland, Det russiske imperiet
Fødd 22. juli 1886
Helme
Død

2. februar 1954 (67 år)
Helsingfors

Yrke politikar, skodespelforfattar, skribent, journalist
Politisk parti Demokratiska Förbundet för Finlands Folk
Ektefelle Sulo Wuolijoki
Born Vappu Tuomioja
Hella Wuolijoki på Commons

Hella Maria Murrik Wuolijoki (22. juni 18862. februar 1954) var ein estisk-finsk forfattar og politikar.

Ho var fødd i Estland og studerte i Tartu, men flytta til Helsingfors i 1904.

I 1920- og 1930-åra var ho ein av dei leiande politikarane på den venstresosialistiske sida og ho var medlem av Riksdagen frå 1946 til 1948. Frå 1945 til 1949 var ho kringkastingssjef.

Som forfattar skreiv Wuolijoki om lag 20 naturalistiske skodespel og dei fleste av dei omhandla livet på landet. I tillegg tok ho ofte opp kvinneproblem, mellom anna i Kvinnene på Niskavuori (1936). Ho er mest kjend for Niskavuori-serien som framleis vert spelt og som er filma fleire gonger.

Bertolt Brecht budde hos henne då han var på flukt, og saman skreiv dei Herr Puntila und sein Knecht Matti (1940).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Hella Maria Wuolijoki» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Hella Wuolijoki