Helland på Fitjar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Helland
stad
Land  Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Fitjar
Gardnummer 49

Helland er ein gard sentralt i Fitjar kommune, på vestsida av Storavatnet. I sør grensar Helland til Hovstad og i nord til Vestbøstad. I vest ligg Engesundsleia.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Garden er ein av dei eldste på Fitjar og det er gjort funn her frå leirkrukker i eit kollag, daterte til kring 500 fvt.

Garden kan i gamal tid ha blitt utskild frå nabogarden Hovstad, der truleg hòvet for Fitjarbygda stod, og Helland kan ha vore noko av jordegodset som høyrte til hòvet.

Første brukaren som er nemnt på garden var «Halvard på Helgeland» i 1519. Eigedomstilhøva for garden er først nemnd i 1628, då ein del av garden var adelsgods, ein del var eigd av Apostelkyrkja i Bergen og den siste delen av Lyse kloster. Ved reformasjonen i 1536 vart Apostelgodset inndrege av kongen, som då vart eigar. I 1660 var kongen i pengetrøbbel og selde mellom anna parten sin i Helland til futen Iver Knudsen Gram. Enkja hans, Karen, selde i 1709 til Ingemår Olson, som var brukar. Seinare har bruket stort sett vore sjølveigd av brukarane. Parten som var adelsgods var eigd av Anders Lauritsen i Sogn i 1626. Denne skifta hender mange gonger det neste hundre året, før Ole Michelseon Tosche på Fitjar tok over i 1744. Han var eigar til 1755, då han var i pengemangel og måtte selje. Tre brukarar kjøpte då denne parten. Parten som Lyse kloster eigde vart seld i 1744 til brukaren Johannes Simonson.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Den første delen av namnet kan kome frå adjektivet «heilagr» eller heilag, eller namna Helge eller Helga. Det mest trulege er at det kjem frå «heilag», og at namnet tyder «det heilage landet» eller «heilaglandet».

Gardsnamnet har gjennom tidene mellom anna blitt skrive Helgeland, Hellelandt, Hillelannd, Helleland, Helgelandt, Hellelandtt, Heglannd, Heelleland og Hegeland. Helland er òg daglegnamnet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]