Hellanditt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Hellanditt er eit gulbrunt mineral og krystalliserer monoklint. Det er skildra av W.C. Brøgger i 1903 frå ein granitt-pegmatitt på Lindvikskollen ved Kragerø i Telematk. Mineralet er seinare funne fleire stader i verda. Frå Noreg er mineralet påvist i Drag i Tysfjord i Nordland og Heftetjern-pegmatitten i Drangedal. Den kjemiske samansetjinga er komplisert; det er vesentleg eit borosilikat av kalsium og yttrium. (Ca,Y)6(Al,Fe3+)Si4B4O20(OH)4.

Det er kalla opp etter geologen og politikaren Amund T. Helland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]