Hellandsfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search

Hellandsfjorden er ein 3 km lang fjord på vestsida av Fitjarøya Stord, sør vest for Fitjar sentrum.

Fjorden har innløp frå Hjelmosen i sør og går hovudsakleg nordover. Det meste av fjorden ligg mellom halvøya Kråko i vest og Storavatnet i aust. Frå Storavatnet renn den vassrike Kjærelva ut i fjorden. Ved Hellandsstraumen er fjorden berre om lag 20 meter brei. Opphavleg var sundet enno trongare og hadde sterk straum, men i 1890 vart innløpet utvida slik at småbåtar kunne passere og gå inn til mølla som låg i Kjærelva.[1]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Jacob Aaland (1933). «Bygdeskipnad og Bygdesoga». Fitjar. Sandane: R Søreides Prenteverk. s. 8-20.  [Kapittelet er skrive av overlærar B. Sørfonden]

Koordinatar: 59°53′30″ N 5°17′49″ E