Helleland kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Helleland kyrkje
kyrkje

Foto: Jarle Vines

Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Stavanger
Prosti Dalane
Sokn Helleland
Fellesråd Eigersund
Arkitekt Hans Ditlev Franciscus von Linstow
Teknikk Lafteverk
Material Tre
Innvigd 28. oktober 1832
 - Endringar Rest. 1932
Tårn I vest
Kor Rett avslutta
Klokker 2 (gamal + O. Olsen & Søn, 1902)
Kyrkjegard Ja
Preikestol Nils Møgedal (1932)
Døypefont Døypefat frå gamlekyrkja
Altartavle Thorvald Egidius Isaachsen
Orgel Walcker Orgelbau (1962)
Sitjeplassar 500
Kart
Helleland kyrkje
58°31′14″N 6°06′56″E / 58.52059611°N 6.11560806°E / 58.52059611; 6.11560806
Wikimedia Commons: Helleland kirke

Helleland kyrkje er ei langkyrkje frå 1832Helleland i Eigersund kommune kommune i Rogaland fylke. Kyrkja er lafta og har 500 sitjeplassar. Det har vore kyrkje på Helleland sidan mellomalderen.

Interiør og inventar[endre | endre wikiteksten]

Kyrkja har galleri i vest og langs delar av sør- og nordveggen. Tidlegare hadde ho fleire galleri.

Altartavla vart måla av sokneprest Thorvald Egidius Isaachsen og gjeven i gåve til kyrkja i 1905. Inntil då hadde det stått ein trekross på altaret. Tavla fekk ny omramming i 1932. Døypefatet og mykje anna inventar er overført frå gamlekyrkja.[1]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Helleland kyrkjelyd

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]