Hellersvatnet
Hellersvatnet | |||
innsjø | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestfold og Telemark | ||
Kommunar | Drangedal, Nissedal | ||
Høgd over havet | 375 moh. | ||
Lengd | 2 km | ||
Breidd | 2 km | ||
Areal | 1,79 km² | ||
Kystlengd1 | 8,51 km | ||
Koordinatar | Koordinatar: | ||
![]() Hellersvatnet | |||
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. |
Hellersvatnet er ein innsjø som ligg på grensa mellom kommunane Drangedal og Nissedal i Vestfold og Telemark. Vatnet, som er det tredje største i Drangedal, er 2 km langt og om lag 2 km breitt på det breiaste. Hellersvannet vert drenert via Holmvatnet og Søvasselva til Gautefallelva, og er dermed ein del av Kragerøvassdraget.
Namnet kjem av at det ved utløpet finst ein heller (Hellersvannhelleren), der det mellom anna er funne spor frå steinalderen.
