Hellevardane

Koordinatar: 58°2′59″N 7°50′50″E / 58.04972°N 7.84722°E / 58.04972; 7.84722
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

58°2′59″N 7°50′50″E / 58.04972°N 7.84722°E / 58.04972; 7.84722

Hellevardane 2009
Hellevardane i kommunevåpenet til Søgne

Hellevardane er to vardar i Ny-Hellesund i Kristiansand kommune i Vest-Agder. Vardane står på høgste punktet på Helgøya, vel 50 moh. Dei er oppsette som eit losmerke for å vise sjøfarande kvar Ny-Hellesund er å finne.

Vardane er svært gamle. Peder Claussøn Friis skriv om dei 1613 i Norriges og Omliggende Øers sandfærdige Bescriffuelse. Han skriv at det «sigis at S. Oluff Haralssøn hafver ladet dennem bygge». Alderen på vardane kan ikkje stadfestast ut frå dette, men det syner at dei var gamle på Friis si tid. Han skriv at vardane er «12 Alne høye», om lag sju og ein halv meter, og at eit kompass er uthogge i berget. Dette var ein kross som viste dei fire himmelretningane og var helst tillaga for å fastsette vindretninga. Denne vindrosa kunne ein sjå til 2. verdskrigen. Da vart vardane vekksprengde under arbeidet med det tyske krigsfortet. Under dette vart toppen av Helgøya oppbygd nokre meter.

Etter krigen vart det reist to nye vardar. Dei er i betong, er innhola og mindre enn dei gamle. Dei er kvitkalka. Tidlegare vart dei gamle vardane i periodar dekte av kvite bord på den sida som vende mot sjøen. Det skriv den tyske oppdagingsreisande Leopold von Buch om i Reise durch Norwegen und Lappland. Han vitja Hellevardane i 1807. Det kan sjå ut som dei kvite borda vart fjerna i ufredstider, som under Napoleonskrigane.

Ein finn Hellevardane i Søgne sitt kommunevåpen. Det er teikna av Ulf Skauge, og vart godkjent 24. mai 1985

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Jostein Eriksen: Hellevarane: Opprinnelig bygd omkring år 1000 av Hellig Olav? i KYSTEN nr 1 1988