Hellevegen på Brekke

Koordinatar: 62°11′26″N 6°10′36″E / 62.190488°N 6.176562°E / 62.190488; 6.176562
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

62°11′26″N 6°10′36″E / 62.190488°N 6.176562°E / 62.190488; 6.176562

Parti av hellevegen på Brekke.
Foto 2009 av M. Furseth.

Hellevegen på Brekke er ein særmerkt skogssti på garden Brekke i ØrstaSunnmøre, særmerkt fordi vegen er laga av naturlege steinheller og bygt av éin mann, som ville ha ein lettare veg opp til setrestølen sin. Vegen er nær på 650 m lang og er lagt med om lag 1100 steinar. Stigninga på sjølve hellevegen, opp til Brekkesetra, er om lag 150 høgdemeter.

Det var gardbrukar Hans Ivarson Brekke[1] (1868-1943) på Nergarden (gnr 19 bnr 1) på Brekke som bygde vegen med handemakt, og han skal ha gjort arbeidet åleine. Steinhellene, som til dels er nokså store, fann han i området der vegen ligg, og han heldt på helst om vintrane, for då var det lettare å flytte steinane på snø og is. Han hadde nok meint å fullføre hellevegen heilt opp til setra, men grunna alder og sviktande helse vart han ikkje heilt ferdig, før han døydde.

Der Hellevegen startar er det sett opp ein minnestein over Hans I. Brekke med eit minnedikt av systera Elise I. Brekke (1873-1949). Steinen vart sett opp ein gong i 1970-åra, av Gardslaget på Brekke.

Hellevegen er i dag mykje nytta av turgåarar, både unge og eldre. Frå Brekkesetra går det ein skogssti vidare opp på Brekkeheida (377 moh.), der det er god utsikt over Ørsta og Ørstafjorden. Vegen er òg utgangspunkt for ein noko lenger fjelltur[2] over Grøthornet (747 moh.), Sandhornet (909 moh.) og til Rambjørhornet (816 moh.).

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ørstingar I Nergarden, Brekke (Gnr 19, bnr 1)
  2. Hellevegen – Sandhornet Fotturar på Sunnmøre, av Helge J. Standal (1999) ISBN: 8299208122

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]