Hellhound on My Trail

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hell Hound on My Trail
Singel av Robert Johnson
B-side

«From Four Till Late»

Språk engelsk
Utgjeve September 1937
Innspelt Dallas, 20. juni 1937
Sjanger Blues
Lengd 2:35
Selskap Vocalion (3623)
Komponist Robert Johnson
Tekstforfattar Robert Johnson
Låtskrivar(ar) Robert Johnson
Robert Johnson-kronologi 
«Walkin' Blues»/ «Sweet Home Chicago»
(1937)
Hell Hound on My Trail «Malted Milk»/ «Milkcow's Calf Blues»
(1937)


«Hellhound on My Trail» (opphavleg «Hell Hound on My Trail») er ein bluessong spelt inn av Robert Johnson i 1937. Det var den førte songen som vart spelt inn under den siste innspelinga til Johnson i Dallas, sundag 20. juni 1937, og den første singelen som kom ut frå denne innspelinga.[1] Han var inspirert av tidlege bluessongar,[2] og vert rekna for å vere «den mest kjende og best likte songen til Johnson».[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I følgje segna selde Johnson sjela si til djevelen ved eit vegkryss til gjengjeld for det musikalske talentet sitt.[3] Denne songen har medverka til mystikken kring Johnson som ein mann som er i grepet på det vonde, og avtalen hans med djevelen har blitt ein del av popkulturen.[4]

Før songen til Johnson, hadde uttrykket «hellhound on my trail» blitt nytta i fleire bluessongar.[2] Sylvester Weaver sin «Devil Blues», spelt inn i 1927, har linja «Hellhounds start to chase me man, I was a running fool, My ankles caught on fire, couldn't keep my puppies cool»[5] og «Funny Paper» Smith song i sin «Howling Wolf Blues No. 3» frå 1931: «I take time when I'm prowlin', an' wipe my track out with my tail ... Get home and get blue an' start howlin', an' the hellhound on my trail».[6] Biddleville Quintette si religiøse innspelinga frå 1926, «Show Pity Lord» opnar med «The hell hound has turned back off my trail».[7]

I følgje bluesforskarar, følgde Johnson bluesartistane Johnny Temple (1935 «The Evil Devil Blues»[8]) og Joe McCoy (1934 «Evil Devil Woman Blues»[9]) med å tilpasse Skip James sin «Devil Got My Woman» frå 1931.[2][10][11][12][13] Den kjenslemessige intensiteten, gitarstemminga og den anstrengde synginga på «Hell Hound on My Trail» finn ein òg i versjonen til James.[11] I 1980-åra fann ein ei anna James-innspeling kalla «Yola My Blues Away» (1931)[14] som hadde likskapar til «Devil Got My Woman», der melodien til «Hellhound» ligg nærare «Yola» enn «Devil».[15]

Komposisjon og tekst[endre | endre wikiteksten]

«Hell Hound on My Trail» er framført solo av Johnson på vokal og slidegitar. Han nyttar ein open e-moll-stemming på gitaren, der dei mørke strengane gjev ein eintonig akkompagnement, medan «flaskehalsen får dei lyse strengane til å stønne som vind gjennom daude tre».[16]

Tekstmessig handlar songen om «det kjende bluestemaet om ein omvandrande musikar, men no har reisa mørkare tonar, den reisande er forfølgd».[1] I følgje musikkhistorikaren Samuel Charters er det første og siste verset i songen dei finaste i heile blueshistoria.[17] Han skildrar det poetiske biletet som glimrande og intens med ei kjensle av personleg raseri.[18] Teksten handlar om ei forpint sjel som ikkje kjem seg nokon veg.[19] Synet om helveteshundar som kjem for å fange syndarar var vanleg hos kyrkjegjengarar i Sørstatane på denne tida.[17]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

I 1983 vart Robert Johnson sin «Hell Hound on My Trail» innlemma i Blues Foundation Hall of Fame i kategorien «Classic of Blues Recording».[13] Songen er oppført på lista til NPR over dei 100 viktigaste amerikanske musikkverka på 1900-talet.[3]Eric Clapton si hyllest til Johnson, Me and Mr. Johnson, spelar han ein versjon av «Hellhound on My Trail». Ei soloutgåve frå 1968 av Jeremy Spencer på vokal og piano finst på Fleetwood Mac, debutalbumet til Peter Green-versjonen av Fleetwood Mac.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Gioia, Ted (2008). Delta Blues. W. W. Norton. s. 181–182. ISBN 978-0-393-33750-1. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Pearson, Barry Lee; McCulloch, Bill (2003). Robert Johnson: Lost and Found. University of Illinois Press. s. 82. ISBN 978-0-252-02835-9. 
  3. 3,0 3,1 Breslow, Peter (5. juni 2000). «Hellhound on My Trail». NPR Music. NPR. Henta 2. mai 2015. 
  4. «Robert Johnson». University of Mississippi. Arkivert frå originalen 3. mars 2016. Henta 2. mai 2015. 
  5. Okeh Records OK 8534
  6. Vocalion Records Vo 1614
  7. Paramount Records Pm 12424
  8. Vocalion Records Vo 02987
  9. Decca Records De7822
  10. Paramount Records Pm 13088
  11. 11,0 11,1 Wald, Elijah (2004). Escaping the Delta: Robert Johnson and the Invention of the Blues. Harper. s. 171. ISBN 978-0-06-052427-2. 
  12. Calt, Stephen (1994). I'd Rather be the Devil: Skip James and the Blues. New York: Da Capa. s. 194. ISBN 0-306-80579-0. 
  13. 13,0 13,1 «Classic of Blues Recording — Singlar or Album Tracks». Blues Hall of Fame — 1983 Inductees. The Blues Foundation. 1983. Arkivert frå originalen 23. september 2015. Henta 2. mai 2015. 
  14. Paramount Records PM 133072
  15. Komara, Edward (2007). The Road to Robert Johnson. Milwaukee: Hal Leonard. s. 29. ISBN 0-634-00907-9. 
  16. Murray, Charles Shaar (1989). Crosstown Traffic. St. Martin's Press. s. 115. ISBN 0-312-06324-5. 
  17. 17,0 17,1 Charters, Samuel (1973). Robert Johnson. New York: Oak Publications. s. 15–17, 69. ISBN 0-8256-0059-6. 
  18. Shaw, Arnold (1978). Honkers and Shouters. New York: Macmillan. s. 38–39. ISBN 0-02-061740-2. 
  19. Oliver, Paul (1990). Blues Fell This Morning (2nd Ed utg.). Cambridge: Cambridge University Press. s. 285–287. ISBN 0-521-37793-5.