Hello Mary Lou

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hello Mary Lou
av Ricky Nelson
A-side

Travelin' Man

Språk engelsk
Utgjeve 1961
Sjanger rockabilly
Lengd 2:17
Selskap Imperial
Låtskrivar(ar) Gene Pitney, Cayet Mangiaracina

«Hello Mary Lou» er ein song skriven av den amerikanske songaren Gene Pitney og Father Cayet Mangiaracina,[1][2] først framført av Johnny Duncan i 1960,[3] og sidan av Ricky Nelson i 1961.[4]

Versjonen til Nelson, gjeve ut som B-sida til hitten hans «Travelin' Man», (Imperial 5741), nådde niandeplassen på Billboard-lista den 28. mai 1961. I Storbritannia vart han gjeve ut som ei A-side (med Dorsey Burnette sin «It's Late» som B-side) og nådde andreplassen. Han var òg ein hit over det meste av Europa, særleg i Noreg, der han låg 14 veker på førsteplassen.

Songen har ein gitarsolo av James Burton, som ofte er omtalt av seinare gitaristar som Brian May som ei stor inspirasjonskjelde. Piano vart spelt av Ray Johnson, som tok over for Gene Garf som fast pianist for Nelson i november 1959.[5]

Songen vart gjeven ut på det sjette albumet til Nelson, Rick Is 21.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Han vart òg spelt inn på fransk av Petula Clark (som «Bye Bye Mon Amour») på albumet A Century of Song i 1961.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lee Jensen (19 Oct 2011). «Rock and Roll Heaven: How a Priest Helped Write "Hello, Mary Lou"». Yahoo Inc. Arkivert frå originalen 12. april 2013. Henta 17. august 2013. 
  2. Don Ellzey (2013). «Ponchatoula priest shares special part in Rock 'n Roll history». actionnews17.com/. Henta 17. august 2013. [daud lenkje]
  3. Second Hand Songs
  4. «Hello Mary Lou Goodbye Heart (Legal Title)». Repertoire.bmi.com. Arkivert frå originalen 18. juli 2012. Henta 17. august 2013. 
  5. «Ray Johnson». rockabilly.nl. Henta 17. august 2013. 


Føregangar
«Greenfields»
Brothers Four
Toppen av VG-lista
Ricky Nelson

14 veker, veke 28–41, 1961
Etterfylgjar
«Michael»
The Highwaymen