Hello Young Lovers av Sparks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hello Young Lovers
Studioalbum av Sparks
Utgjeve 6. februar 2006
Studio Sparks Studios, Los Angeles, California
Sjanger
Lengd 50:39
Selskap In The Red Recordings (USA), Gut (Storbritannia)
Produsent Ron Mael, Russell Mael
Sparks-kronologi 
Lil' Beethoven
(2002)
Hello Young Lovers Exotic Creatures of the Deep
(2008)


Singlar frå Hello Young Lovers
  1. «Perfume» med «(Baby, Baby) Can I Invade Your Country (Alternative Verse)»
    Utgjeve: 13. februar 2006
  2. «Dick Around» / «Waterproof»
    Utgjeve: 18. september 2006
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 stars[1]
BBCPositiv[2]
Dusted ReviewsNegativ[3]
Pitchfork Media(6.9/10)[4]
Play Louder4.5/5 stars[5]
Slant Magazine3.5/5 stars[6]
Stylus MagazineB+[7]

Hello Young Lovers er det 20. studioalbumet til Sparks. Det var eit framhald av den repetitive orkesterstilen deira frå det forrige albumet Lil' Beethoven, men med mykje meir vekt på gitar og trommer. Det er eit konseptalbum som omhandlar sider ved moderne kjærleik.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Hello Young Lovers selte betre enn noko anna Sparks-album sidan 1970-åra og det nådde 66. plassen på UK Album Chart.[8] Albumet gjekk ikkje inn på albumlista i USA. Albumet kom ut på CD og på både kvit og rosa vinyl. CD-plata kom opphavleg ut på Gut Records, og sidan på In The Red records.

Det vart gjeve ut to singlar og ein EP for å marknadsføre albumet. Den første, «Perfume», kom i lag med ein alternativ versjon av «(Baby, Baby) Can I Invade Your Country» og ein remiks av Clor. Denne nådde 80. plassen på UK Singles Chart[8] og 10. plassen på UK Independent Singles Chart.

«Dick Around» kom ut som ein EP i USA og som ein dobbel A-side-singel med «Waterproof» i Storbritannia. Begge versjonane inneheldt ein redigert versjon av «Dick Around» og den amerikanske versjonen inneheldt konsertopptak spelte inn tidlegare det året i Los Angeles. Den britiske utgåva av albumet vart bannlyst av BBC, som rekna tittelen på songen som obskøn. Sparks gav ut ei melding som sa: «BBC har offisielt teke livet av den nye singelen vår, 'Dick Around', tilsynelatande gjennom ganske barnslege innvendingar mot tittelen, ein uskuldig referanse til eit dagdrivar-liv. At eit musikkstykke kan fordømmast utelukkande etter tittelen utan at 'avgjerdstakarane' i det heile er anstendige nok til å opna CD-etuiet, er ein farse og ei fornærming mot både oss som skaparar av musikken og mot lyttarane til BBC.»[9] Til slutt gav BBC London ut ei melding som sa at songen var teken inn i rotasjonen att.[9] Singelen nådde 139. plassen i Storbritannia.[10]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Ron Mael og Russell Mael, utanom der andre er nemnde.

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Dick Around» 6:35
2.«Perfume» 4:59
3.«The Very Next Fight» 5:18
4.«(Baby, Baby) Can I Invade Your Country»Ron og Russell Mael, Francis Scott Key (ekstra tekst)5:56
5.«Rock, Rock, Rock» 5:10
6.«Metaphor» 4:03
7.«Waterproof» 4:17
8.«Here Kitty» 4:26
9.«There's No Such Thing as Aliens» 2:53
10.«As I Sit Down to Play The Organ at the Notre Dame Cathedral» 7:02

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album

Land Plassering
Sverigetopplistan [11] 48
U.K. Albums Chart[8] 66
Perfume (singel)
Liste (2006) Plassering
U.K. Singles Chart[8] 80
U.K. Indie Singles Chart 10

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Raggett, Ned. Review: Hello Young Lovers. Allmusic. Henta 30. april 2022.
  2. Jones, Chris. Review: Hello Young Lovers. BBC. Henta 30. april 2022.
  3. Mosurock, Doug. Review: Hello Young Lovers. ©2002-2005 Dusted Magazine. Henta 30. april 2022.
  4. Abebe, Nitsuh. Review: Hello Young Lovers Arkivert 2008-01-04 ved Wayback Machine.. Pitchfork Media Inc. Henta 30. april 2022.
  5. Review: Hello Young Lovers. Play Louder.
  6. Keefe, Jonathan. Review: Hello Young Lovers. 2010 Slant Magazine. Henta 30. april 2022.
  7. O’Reilly, Fergal. Review: Hello Young Lovers Arkivert 2007-03-23 ved Wayback Machine.. 2001-2007 stylusmagazine.com. Henta 30. april 2022.
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 «The Official Charts Company - Sparks». Official Charts Company. Henta 21. april 2022. 
  9. 9,0 9,1 «Sparks single banned on BBC: yes/no on www.side-line.com». Henta 30. april 2022. 
  10. «Chart Log UK: DJ S - The System Of Life». Dipl.-Bibl.(FH) Tobias Zywietz, 1994–2009. Arkivert frå originalen 22. mars 2015. Henta 21. april 2022. 
  11. «swedishcharts.com - Discography Sparks». Hung Medien. Henta 3. november 2009.  Charts cover period from 1975 - 2005

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]